nyhende
Vakker hyllest til Ole Paus
I ei fullsett Sveio kyrkje søndag kveld opna Anita Skorgan og koret Ad Libitum konserten «Hyllest til Ole Paus» med songen «Ingen ting å være redd for».
Ad Libitum er flinke til å treffa publikum med konsertane sine, men sjeldan har det vore så mange som søndag. Med kor og musikarar nærma det seg 400 i kyrkja, og det blei ein kveld å minnast for alle.
Per Bjørn Habbestad har sidan starten i 1983 vore dirigent for Ad Libitum. Han fortalde litt om konserten dei hadde med Ole Paus i 2019, og at dei denne kvelden ville ta fram alt det beste av hans melodiar.
Naturleg å invitera Anita Skorgan
Paus, som gjekk bort 12. desember i fjor, har utmerka seg i norsk kulturliv både som songar, gitarist, komponist, forfattar og skodespelar. Han vil også bli hugsa som eit varmt medmenneske som kjempa mot urettferd, og som snakka på vegne av alle som ikkje sjølv hadde stemme.
Habbestad presenterte deretter Anita Skorgan, som Ad Libitum også tidlegare har samarbeidd med.
– Ho er ein av artistane som har framført mange av Paus sine låtar. Difor var det naturleg å invitera henne som vokalist til minnekonsterten, sa han.
Samspel
Vidare presenterte Habbestad ein av landets fremste gitaristar; Kjell Harald Litangen. Han vaks opp på Karmøy, er busett på Austlandet, men har røter i Sveio der foreldra og ei syster bur Auklandshamn. Litangen har spela med mellom anna Pep Talk, Vidar Johnsen, Nordic Tenors og mange andre band.
André Eide er Sveio Barnekor og Ad Libitum sin faste pianist. For eit samspel, for ein vakker konsert også han bidrog til gjennom kvelden. Som då Ad Libitum og Anita Skorgan song «Hvor langt, hvor lenge» og «Innerst i sjelen».
Me fekk høyra Ad Libitum syngja mellom anna «Mitt lille land» og «Engler i snøen». Sistnemnde i lag med Anita Skorgan.
Barnekoret imponerte
Endeleg fekk Sveio barnekor sleppa til. Først med songen «Jeg reiser alene», der ei av jentene i koret i lag med ein bamse og «jeg reiser alene»- skilt på brystet illustrerte at ho reiste aleine. Koret imponerte frå start til slutt.
Ved fleire høve spela Anita Skorgan sjølv på pianoet, som då «Det begynner å ligne et liv» vart framført, og der Kjell Harald Litangen spela gitar.
Applausen dei alle fekk då konserten var over etter om lag 1,5 time, vart truleg høyrt i minst sju kyrkjesokn.