Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
150 år med Olav Duun
Han blei nominert til Nobelprisen i litteratur fleire gonger og var éi stemme unna å vinne i 1926. I år er det 150 år sidan Olav Duun blei fødd.
Olav Duun blei fødd 21. november 1876 på øya Jøa i Namdalen. Den nordtrønderske forfattaren, som nesten fekk nobelprisen i litteratur, blir i år markert på ulike vis for å synleggjere plassen hans i norsk kulturarv.
Siri Løkholm Ramberg er dramaturg ved Det Norske Teatret, der ho no jobbar med «Medmenneske» av Olav Duun, som har premiere 17. januar.
– Heimanfrå opplevde eg at Duun og Hamsun hadde noko felles. Kysten, skildringane, persongalleria. Som ung sette eg pris på at vi kom oss ut av dei litt innestengde, borgarlege stovene som har prega delar av norsk litteratur. Hos Duun er det eit persongalleri som gir rom for fleire stemmer og erfaringar, og det har eg alltid sett stor pris på, seier Løkholm Ramberg til Nynorsk pressekontor.
Romanen « Medmenneske» kom ut i 1929 og blei sett opp på Det Norske Teatret allereie i 1937. Stykket har med andre ord ei lang historie ved teateret.
– Duun er ein av forfattarane teateret har hatt med seg heilt frå starten. Difor er det stort å få sparke i gang jubileumsmarkeringa med nettopp dette stykket.
Gode replikkar for scenekunst
Løkholm Ramberg løftar fram språket som eit særleg dramatisk potensial.
– Med så få setningar kan han sleppe små bomber av karakteristikk. Personane fortel utruleg mykje om kvarandre, ofte gjennom saftige one-liners. Det er ein replikkunst som er både nådelaus og underhaldande, og som eignar seg svært godt for scena.
I tillegg til sjølve teaterproduksjonen inviterer Det Norske Teatret denne våren til samtalar, opplesingar og introduksjonar om forfattarskapen og arven etter Duun.
Olav Duun var av fiskarbondeslekt, og frå han var 16 til han blei 25 år levde han med landbruk og rodde vinterfiske saman med faren.
Etter lærarskulen arbeidde Duun som lærar ved Ramberg skule i Vestfold frå 1908 til 1927. Som 50-åring pensjonerte han seg for å konsentrere seg om skrivekunsten på heiltid. Han døydde i 1939.
Nådde ikkje heilt opp til nobelprisen
Olav Duun blei nominert til Nobelprisen i litteratur fleire gonger. I 1926 mangla han berre éin stemme for å få prisen – men den gjekk i staden til iren George Bernard Shaw. Aftenposten var så sikker på at Duun skulle vinne at dei gav ut ei avis med overskrifta «I dag får Olav Duun Nobelprisen», berre for å måtte trekke utsegna då Shaw blei tildelt prisen.
Olav Duun skreiv på nynorsk og brukte si eiga nynorske rettskriving som inkluderte namdalsdialekt. Dette gjorde språket levande og autentisk, men skapte også utfordringar for omsetjing til andre språk. Han fekk likevel eit internasjonalt gjennombrot, særleg i Tyskland på 1920-talet. Nobelprisvinnar Sigrid Undset meinte Duun var Noregs beste forfattar.
Norsk juvel
– Eg trudde ikkje han skulle vere ein uoppdaga juvel i norsk litteraturhistorie, men det var han, seier Grethe Fatima Syéd til Nynorsk pressekontor.
Fatima Syéd er litteraturvitar, omsetjar og forfattar. Doktorgrada hennar handlar om Olav Duun og forfattarskapen hans. I 2015 skreiv ho boka « Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter».
Ho fortel at det første møtet hennar med forfattarskapen var ei openberring.
– Eg blei slått i bakken frå første stund. Både av tekstane i seg sjølv, som gav meg bakoversveis, men òg at inntrykket eg hadde hatt av han som seig og alvorstung realist var feil. Han skreiv litteratur som røskar i djupe menneskelege spørsmål på ein litterært kraftfull måte.
Duun krev noko av lesaren. Han hadde eit skriftspråk ofte med tydeleg trøndersk preg, noko som for somme kan verke framandt.
– Litt av motstanden ligg i det trønderske språket og dialektbruken. Men samtidig var han universell. Du må kome over ei kneik. Til dømes «Juvikfolket» kan vere tung dei første femti sidene. Du må lære gemyttet hans. Han er underfundig, fleirstemt, og det er ikkje alltid klart kven som seier kva. Det er mykje underforstått humor. Det kan vere det som gjer at det buttar i starten, seier litteraturvitaren.
Ho åtvarar samstundes mot å undervurdere kompleksiteten i dei store romanane.
– «Medmenneske» er blant dei mest kompliserte. Handlingstrådane er mange, alle har eigne agendaer, og psykologien er krevjande.
Jubilanten
Olav Duun var ein sky person. Privat, motvillig til intervju og til å bli fotografert. Fatima Syéd meiner han hadde passa dårleg inn i dagens Instagram-kultur, men ho trur likevel interessa vil auke dette året med jubileum.
– No kjem alle kulturinteresserte i Oslo til å dra til Duun-huset i Holmestrand. Eg tilrår det sterkt. Der levde Duun og skreiv storverka sine. Det er eit lite hus, men ein stor stad.
I tillegg til teaterframsyninga på Det Norske Teatret vil det bli fleire arrangement i jubileumsåret. Det mest omfattande finn stad på heimstaden til Olav Duun på øya Jøa 19.–21. juni, arrangert av Olav Duun-stiftinga i Namdalen. Stemnet byr på eit program som kombinerer litteratur, musikk og lokale kulturopplevingar.
Rosenvang Teater har fått støtte frå Fritt Ord til si eiga dramatisering av «Medmenneske». Urpremieren blir 21. juni på Jøa i samarbeid med Olav Duun-stiftinga.