lesarbidrag

Gruppebilde ved Tower Bridge.

Konfirmasjonsleir i London

19.-22. februar var ungdomar frå Sveio for første gong på konfirmantleir på Sjømannskyrkja i London. Her er kva to av dei har å fortelja om opplevingane i London.

Publisert
Gutta er klare for flytur. Frå venstre: Mathias Fresvig Skiftun og Odin Bua Semb

I september 2025 fekk me vita at me skulle få reisa på konfirmantleir til Sjømannskyrkja i London. Det blei gløymt litt ut, men februar kom mykje kjappare enn me hadde trudd, og det gjorde London også. Me gledde oss veldig til turen, sjølv om me måtte ekstremt tidleg opp.

Turen starta tidleg på torsdagen, med oppmøte på Sandvikvåg ferjekai 05.35. Me var trøytte, men mest av alt gledde me oss til det me hadde i vente. Me tok ferja, og då me kom fram var det ein buss som skulle køyra oss til Flesland. Me fekk sjekka inn bagasje og fekk ein fin flytur til Gatwick der me landa i 10-tida. Deretter venta ein halvannan time busstur til Sjømannskyrkja i London.

Tatt godt imot

Då me kom fram blei me tatt godt imot av sjømannsprest Geir, og det blei servert mat til oss. Me fekk litt tid i kyrkja før me skulle ha litt undervisning om historia til byen. Me fekk etterpå servert kjempegod lasagne til middag. Etter lasagne drog me i grupper til Lyceum og Lion King musikal. Nokon kom seinare enn andre. Tilbake i kyrkja fekk me servert eit enkelt kveldsmåltid, og fekk litt info før det var å komma seg til ro og sova.

Då me vakna neste morgon, hadde dei aller fleste sove godt. Det var frukost, litt rydding og undervisning. I undervisninga fekk me vita litt om måleriet «Måltidet i Emmaus», som vart måla på starten av 1600-talet. 

Hestar og måleri

Me drog deretter for å sjå Horse Guards Parade og vaktskifte der. Deretter gjekk dei aller fleste vidare til Buckingham Palace og nasjonalgalleriet der me fekk sjå fleire måleri. Etter ein 45-60 minuttar der drog me vidare i grupper, der me hadde et par timar til å gjera det me ville, før det var «Evensong» i Westminster Abbey. Der måtte me oppføra oss skikkeleg. Når me var ferdige med litt song og diverse sånt inne i katedralen, var det heim til kyrkja for å eta middag i tillegg til litt fritid. Kvelden vart avslutta med underhaldning og kveldsliturgi, og så var det natt.

Laurdagen starta med frukost etterfølgt av undervisning der me kunne stilla spørsmål til sjømannsprest Geir. Så var det å koma seg ut på byen og bli kjent med den store hovudstaden. Me hadde eigentid i grupper, og mange tok ein tur med ein gondol (IFS Cloud Cable Car) over Themsen og hadde ein tur til Oxford Street. Då alle var ferdige med sitt, var det tilbake til kyrkja der det blei servert Taco. Då maten var ete var det litt fritid på kyrkja før det var underhaldningskveld og til slutt kveldsliturgi der me fekk høyra litt om bøn. 

Gudsteneste, vaflar og heimtur

Søndagen vare det morgonstell, frukost, pakking og gudsteneste. Det var ein del å rydda, så ting tok tid – men me blei omsider ferdige, og då vart det å setta bagasjen inn på eit rom i sjølve kyrkja før det vart gudsteneste. Etter gudstenesta blei det servert vaflar. Etter me hadde ete dei var det å få på seg skoa før det blei ein 20-minutters gå-tur til Tower Bridge. Då me hadde tatt bilete av brua var det tilbake til kyrkja, finna bagasjen og sette seg på ein busstur til Gatwick.

Gudsteneste ved Sjømannskyrkja i London.

Bussturen gjekk fort, og etter å ha sjekka inn bagasjen var det å komma seg igjennom sikkerheitskontrollen. Me hadde god tid på flyplassen der me blant anna hadde tid til å eta. Me fekk i oss mat, fekk sett på ting, kjøpt litt ting, og så var det å gå tilbake til der me hadde avtala å møtast. Der fekk me vita at flyet var ein del forsinka, då var det berre å vente før me gjekk til flyet, og så var det litt meir venting før me fekk gå om bord i flyet. Det var ein flytur på ca. 2 timar, før me tok ned i Bergen. Det vart litt venting på bagasjen før bussturen til ferjekaien, og båttur over fjorden, før vi var klare til å bli henta.

Stemninga var god og alle var einige om at det hadde vore ein strålande tur!

Jon Tobias Lillås og Simon Haukvik

Sjå fleire bilder under:

London Underground – Jubilee Line. Frå venstre: Dina Langhelle, Maja Hovda-Frederiksen og Signe Berthilde Lie Hellesnes.
Guttegruppe ved Westminster Abbey. Frå venstre: Benjamin Jacobsen Glenn, Odin Bua Semb, Viljar Valen-Spongberg, Herman Salte-Enoksen, Mathias Fresvig Skiftun og Jone Halleland.
Maja Hovda-Frederiksen, Signe Berthilde Lie Hellesnes og Charlie Chaplin.
Guttegruppe ved Big Ben. Frå venstre: David Odland Hov, Markus Frøiland Knutsen, Liam Lillefosse Lokna, Sjur Folgerø, Trygve Høgestøl og Julian René Holm.
Jentegruppe ved Big Ben. Frå venstre: Inger Bente Strand Nilsen, Signe Berthilde Lie Hellesnes, Dina Langhelle, Maja Hovda-Frederiksen og Malin Ekornsæter.
Big Ben.
Powered by Labrador CMS