nyhende

Mattilsynet åtvarar mot fugleinfluensa.

Mattilsynet: Vern fuglane dine mot fugleinfluensa

Når trekkfuglane vender tilbake, oppmodar Mattilsynet fuglehaldarar til å vera nøye med smittevern og avgrensa kontakten med ville fuglar.

Publisert Sist oppdatert

Det er for tida mykje fugleinfluensa blant ville fuglar i Europa. I vinter har det vore mange påvisingar av høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) hos villfugl i Noreg, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

– Viktig å ta smitten på alvor

– Det høge smittepresset blant ville fuglar både i Noreg og i Europa gjer det ekstra viktig at alle som held tamme fuglar, både kommersielle aktørar og hobbyfuglehaldarar, tek smitten på alvor, seier Elisabeth Nissen Nordbye, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

– Hald fuglane skilde frå ville fuglar for å verna dei mot smitte, legg ho til.

Fugleinfluensa er ein svært smittsam sjukdom for fuglar, og smitten skjer hovudsakleg gjennom avføring eller dropesmitte frå luftvegane.

Gode råd

Trass i stor smitte hos ville fuglar over heile landet, har det ikkje vore utbrot i norske fjørfehald sidan september 2025.

Ifølgje Mattilsynet smittar fugleinfluensa svært sjeldan frå fugl til menneske. Likevel tilrår dei:

  • Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar.
  • Ikkje ta med fuglar heim for å stella dei.
  • Meld frå til Mattilsynet dersom du finn sjuke eller døde fuglar.
Powered by Labrador CMS