kultur

Kvinne ser rett mot kamera medan ho kviler mot ein murvegg innandørs
Elena Eriksen Radulov førebur seg til sine første eigne konsertar med eige band og eigne låtar. Første stopp: Haugesund.

Elena Radulov klar for første solokonsert

Etter debut-EP, radiosuksess og eit år med mykje arbeid bak kulissene, tek Elena Eriksen Radulov neste steg i musikkarrieren.

Publisert Sist oppdatert

Fredag skal ho opptre på scenen på Vangen Pling Plong, der ho for første gong held sin heilt eigen konsert med eigne låtar og eige band.

Radulov har allereie bygd seg opp erfaring frå scena ved å synga og kora i andre sine artistprosjekt, men denne gongen gir ho seg ut på eit år der ho sjølv skal stå meir i fokus.

– Me har jobba målretta mot konsertane som kjem no. Me opnar no på fredag i Haugesund, og så blir det ein konsert i Kristiansand i april og i Førde i mai, seier Elena Eriksen Radulov.

At det vart Haugesund først var litt tilfeldig ifølgje artisten, men ho er open om at det blir spesielt.

– Konserten blir både ei feiring av EP-en og ein måte å vise fram prosjektet vidare på, seier Radulov, som håpar å nå nye fans på «heimebane».

Skaper moglegheitene sjølv

I oktober slapp ho debut-EP-en «In The Driver´s Seat». Låta «Drive By Without Waving» fekk stor merksemd, og enda opp som den 14. mest spelte låta på Radio 102, noko som igjen gjorde at ho vart den fjerde mest spelte på kanalen blant lokale artistar.

Ho skildrar 2025 som eit år der ho har lært mykje om kva som krevst for å få eit artistprosjekt til å rulla, særleg når ein framleis er i oppstartfasen.

– No i starten handlar det mykje om å gripa moglegheitene som dukkar opp, men mykje må gjerast sjølv, både booking og promotering, forklarar ho.

Jobbar vidare med ny musikk

Seks unge vaksne står i to rekkjer og smiler mot kamera innandørs.
Heile bandet tek turen til Haugesund fredag. Bak frå venstre: Kristen Bratås, Jesper Risa Egge og Aage Halleland. Framme frå venstre: Sara Hauge Werenfels, Elena Eriksen Radulov og Ingunn Sunde

Sjølv om 2026 skal fyllast med musikkstudiar og konsertar, fortel ho at meir musikk er på veg.

– Me har nettopp vore i studio og spela inn eit par nye låtar. Så blir det litt meir studiotid gjennom våren, så me satsar på å få gjeve ut ny musikk så fort som mogleg.

Radulov hentar mykje inspirasjon frå eige liv, og skildrar låtskrivinga som ein løpande prosess.

– Eg vil seia at alle låtane kjem frå meg og kjenslene mine, opplevingar og relasjonar. Det er litt oppløftande ting, men også litt meir melankolske og nære tema. Eg skriv alltid ned noko tekst i boka, eller i voice-notat. Ein har alltid noko på lager. 

Når ho no tek låtane frå notatboka og studio og ut på scena, håpar ho at fleire får lyst til å følgja prosjektet vidare. 

– Det er stas å få visa det me har jobba med i Kristiansand. Eg håpar folk kjem, at dei er nysgjerrige, og at me kan gje noko tilbake til publikum, seier Radulov.

Powered by Labrador CMS