nyhende

Klimaendringar, bestandsstorleiken av vertspopulasjonar av flått, og at fleire folk var meir utandørs i pandemiåra, kan ha påverka førekomsten av flåttborne sjukdommar.

Smitteauke for flåttsjukdommen TBE, trass rekordvaksinasjon

Fleire og fleire har dei siste åra fått påvist dei flåttborne sjukdommane Lyme borreliose og skogflåttencefalitt (TBE), ifølgje Folkehelseinstituttet. Vestland har flest tilfelle av Lyme borreliose.

Publisert

Årsrapporten frå Folkehelseinstituttet om smitte frå mat, vatn og dyr viser at 96 personar vart smitta med TBE i Noreg i fjor. Det er ein auke frå i 2024, då det var 76 tilfelle, men lågare enn i toppåret 2023, då 113 tilfelle vart registrerte.

Auken er i tråd med det ein ser i nabolanda Sverige og Finland.

– Klimaendringar, bestandsstorleiken av vertspopulasjonar, og at fleire var meir utandørs i pandemiåra, kan ha påverka førekomsten, seier avdelingsdirektør Siri Feruglio i FHI i ei pressemelding.

Det er også registrert ein ny auke i førekomst av Lyme borreliose, som også smittar via flått. 715 personar vart melde smitta i 2025, mot 641 personar melde smitta i 2024, og 571 i 2023.

Rekordvaksinasjon

TBE står tick-borne encephalitis, skogflåttencefalitt og er eit virus det ikkje finst behandling for. Det er stor variasjon i kor alvorleg smitten blir. Viruset kan forårsake infeksjon i sentralnervesystemet og utvikle seg til svært alvorleg sjukdom. Etter innleiande feber, hovudverk og muskelsmerter utviklar omtrent 30 prosent av dei sjuke symptoma på hjernebetennelse.

Mykje medieomtale og mangel på behandling ved sjukdom kan ha bidrege til rekordvaksinasjon mot TBE dei siste åra. I fjor vart 107.723 personar vaksinerte. I 2024 og 2023 fekk høvesvis 103.558 personar og 78.127 personar vaksinen.

Fleire eldre og fleire menn

Av dei 96 tilfella som vart melde inn i i fjor, vart 88 innlagde på sjukehus. Dei fleste tilfella vart melde i månadene juni til oktober. Menn utgjer fleirtalet av dei TBE-smitta, med 60 prosent.

Det er flest tilfelle i aldersgruppa frå 50 til 79 år.

Der smittestad er kjent, er det registrert flest tilfelle i Telemark (24), Vestfold (15), Agder (14), Østfold (9) og Akershus (6). Dette er fylke der det også tidlegare har vore registrert TBE-smitte.

Flest i Vestland

Også blant dei som fekk Lyme borreliose er dei fleste smitta i Noreg og i fylke der det er mykje flått: flest i Vestland (150 tilfelle), Agder (74 tilfelle) og Møre og Romsdal (63 tilfelle).

Powered by Labrador CMS