kultur

Lokale talent skapte julestemning i Valestrand kulturkyrkje

Det som starta som eit samarbeid mellom Valestrand bygdalag, Valestrand Mannskor og skulekorpset for elleve år sidan, har blitt til ein solid tradisjon der lokale krefter byr på ei flott konsertoppleving.

Publisert Sist oppdatert

Årets konsert baud på stor musikalsk breidde, frå klassisk og tradisjonell julemusikk til meir moderne og varierte innslag .

– Dette er ein konsert som skal passe for alle, difor har me stor breidde i programmet. Me ønskjer å gje folk ei musikalsk juleoppleving dei kan gle seg over, uansett bakgrunn, seier Bjarne Hetlesæter som er Valestrand Mannskor sin representant i arrangørkomiteen til Valestrand Bygdalag sin julekonsert.

Opna med trompetsolo

Dirigent i Valestrand Mannskor, Preston James Kingsley, opna konserten med «Vita Lux», framført på solotrompet. Kingsley er utdanna musikklærar frå California, og når han ikkje dirigerer Mannskoret underviser han i musikkfag på Stord Vidaregåande skule.

Valestrand skulekorps, leia av dirigent Trygve André Tvedt, spela tradisjonen tru fleire kjende julesongar under konserten.

Som vanleg var Valestrand musikkorps ein viktig del av programmet. Under leiing av dirigent Trygve André Tvedt stilte om lag 12-14  musikantar, som hadde øvd saman dei to siste månadane spesielt for julekonserten. Innslag av musikkorpset har vore ein fast del av konserten heilt sidan starten.

Sterke solistinnslag

Eit av høgdepunkta i konserten var dei sterke solistinnslaga frå både etablerte og unge utøvarar. Først ut var Elena Eriksen Radulov.

– For akkurat ti år sidan stod eg her og song den same songen som eg nett song no, fortalde ho etter framføringa av «Home for Christmas».

Elena Eriksen Radulov var tilbake på same scena der ho for nøyaktig ti år sidan song julesongen «Home for Christmas.

Denne gongen framførte ho også for første gong for publikum sin eigenkomponerte song «Broken Shore», akkompagnert av far sin Vesselin Radulov på klaver. Songen vil fleire få høyre i tida som kjem, når ho skal på konsertturné med bandet sitt.

Endre Hetlesæter leverte eit nydelig soloinnslag med den norske versjonen av Randy Newman-låta «Vår by». Karina Cecilie Bergmann, som flytta til Sveio for om lag eitt år sidan, løfta kyrkjerommet då ho song «Mitt hjerte alltid vanker».

Karina Cecilie Bergmann.

– Eg synes det er utruleg kjekt å få vera ei av dei lokale artistane, sjølv om eg ikkje har budd her så lenge, sa Bergmann som er profesjonell musikar med bakgrunn som musikalartist.

Eit av dei yngste innslaga på scenen var 14 år gamle Mathias Kinn. Han imponerte publikum med både vokal, gitarspel og klaver.

14 år gamle Mathias Kinn imponerte publikum med både vokal, gitarspel og klaver.

– Konserten sin yngste deltakar, men med stemma til ein vaksen mann, sa konsertvert Kjetil Skogland.

Mathias er lidenskapleg oppteken av musikk og syng både i koret Ad Libitum og bandet Løa.

Lystenning og adventstankar

I tillegg til dei musikalske innslaga var det også lystenning, der Lauritz Ø. Skogland og søskena Sigrid og Vebjørn Lundås tende dei tre adventslysa med allsong til «Tenn Lys».

Reidun Breistig delte tankar om jula sitt bodskap, med utgangspunkt i eigne erfaringar frå gullsmedverkstaden sin. Ho skildra gleda ved å leita etter og finna att små skattar når gull og edle steinar hadde falle på golvet, og knytte dette til juleforteljinga som ei påminning om å bli funnen og sett.

Valestrand Mannskor.

Mot slutten av konserten kom gruppa MJØD Band – ei samansett gruppe vaksne musikarar frå Valestrand og nærområdet, som har spelt saman dei siste åra. Dei opna med «Christmas the Way I Remember» framført i eit eige, tostemt gitararrangement, etterfølg av låta «Rockin Around the Christmas Tree».

Valestrand Mannskor var dei siste artistane på programmet. Koret, som vert 13 år til våren, tel i dag 23-24 medlemmar – frå yngstemann på 24 år til eldste opp mot 80. Koret øver kvar onsdag i kulturkyrkja frå haust til påske, og har blant anna planar om å gjenta suksessen frå i fjor med intimkonsertar i Valen kapell til vinteren.

Til inntekt for dei som treng det mest

Før konserten vart avslutta med «Deilig er jorden» som allsong, fekk Frelsesarmeen presentera arbeidet sitt og ta imot dei innsamla gåvene frå kvelden. Det kom inn heile 16.260 kroner.

– Me har kontakt med mange i desember som treng hjelp til mat, klede og kanskje mest av alt nokon som lyttar. Det er mange som vil få hjelp gjennom gåvene som er samla inn i kveld, sa offiser i Frelsesarmeen på Stord, Marianne Naustdal.

Frelsesarmeen på Stord tok imot gåver som kan hjelpa mange som strevar i kvardagen. Her offiser Marianne Naustdal og Norunn Eriksen.

– Det har heilt sidan starten vore formålet at dette skal vera eit non profit-arrangement. Alle som medverkar stiller opp utan honorar, og inntektene går uavkorta til gode føremål. Frelsesarmeen gjer eit viktig arbeid for dei som treng det mest, og difor er dette ei sak me ønskjer å støtte, seier Bjarne Hetlesæter.

Powered by Labrador CMS