yrke og utdanning
Sommarjobben var med på å sikra fast arbeid
Då han ikkje fekk læreplass innan førstevalet, blei det kjemi- og prosessoperatør av Jostein Grinde Flatnes. No jobbar han som vedlikehaldsteknikar på Fjon Bruk, der han starta som sommarvikar i ung alder.
Arbeidsplassen med dei store grøne kara utanfor, og den etter kvart store driftsbygningen, har vore i Jostein Grinde Flatnes sitt nærmiljø frå han var liten og vaks opp på Fjon.
Som 14-åring kom han på innsida, dei neste somrane gjekk det i vaksinering av fisk, fôring og reinhald. Arbeidsplassen gjorde godt inntrykk, for då han var ferdig som lærling på Hydro Aluminium på Karmøy, blei han kontakta av driftsleiar Helge Daae, for å høyra kva planane var vidare.
– Eg har sitt fram til å jobba her sidan eg var sommarvikar. Helge visste at eg ville ta kjemi og prosess og sjå korleis det gjekk, for eg visste ikkje kva eg ville gjera etter læretida. Eg hadde ein tanke om at eg kunne jobba her som driftsoperatør, og heldigvis fekk eg ein jobb innan noko av det som inngår i det eg har utdanna meg til, seier Flatnes, som snart har vore tilsett som vedlikehaldsteknikar i to år. Verneombod er han også, totalt er dei 15 tilsette på settefiskanlegget ved Ålfjorden
Teknisk vedlikehald
Stillinga han har handlar om vedlikehald av teknisk anlegg. Han går sjekkrundar, overvakar systemet, ser etter varme/kuldepumper, slamanlegg og oksygenpumper – det mange ikkje ser eller tenker på.
Døme på arbeidsoppgåver som 24-åringen har, er å filtrera og reinsa vatn og avlaupsvatn og alt det mekaniske. Då Vestavind snakkar med han på telefon, heldt han og ein kollega på å fiksa ein skrue, som gir ut fôr til fisk.
Litt av erfaringa frå sommarjobben får han bruk for også.
– Når eg har vakt ser eg til drifta anlegget også. Det er interessant å jobba med fisk, seier Flatnes.
Får ta fagbrev på jobb
Teknologien innan akvakultur er i stadig endring, utviklinga gjer at det ikkje alltid er tilgang på arbeidskraft med relevant erfaring. Då er løysinga ofte å tilsetja folk som vil jobba med fisk.
– Dei fleste som jobbar her har tatt fagbrev etter at dei begynte. Dei har fått praksisen her, og tatt den teoretiske biten på kveldstid eller på kurs, seier driftsleiar Helge Daae ved Fjon Bruk.
Før var det til dømes behov for eit mannskap på 10 for å operera vaksinemaskinen, med den nye trengst berre éin person, og det finst ikkje noko utdanning for å gjera den oppgåva.
Innstilling er viktig
Nyleg har Fjon Bruk tilsett to med fersk utdanning innafor akvakultur. Utan å undergrava utdanning, viser det seg at arbeidsbakgrunn og anna erfaring tel mykje i denne bransjen. Og ikkje minst innstilling.
– I Jostein sitt tilfelle kjenner eg han frå han har vore her i sommarjobb i seks år. Eg visste kva han var god for når det gjeld å ta tak i ting, og han likte å jobba her. Me drar nytte av kompetansen han har. Eit settefiskanlegg er blitt ganske avansert, det er mykje styring og overvåking som har kome inn i produksjonen me driv med, seier Daae.