nyhende
Biten av hoggorm? Dette bør du IKKJE gjere
Om du blir biten, er det symptoma som avgjer om du bør hastast til sjukehus eller treng ro og observasjon. Men nokre kritiske råd gjeld likevel alltid og uansett, seier legespesialist.
– Bitstaden skal vere i fred! Ein skal ikkje klemme, skjere eller prøve å suge ut hoggormgift, åtvarar spesialist i allmennmedisin, Ståle Onsgård Sagabråten, som også leier fagstyret i Den norske legeforening.
Desse må til sjukehus
Det er på denne tida Noregs einaste giftige orm kjem ut av bolet, og ofte finn du han i sola i ei sørvendt steinrøys. Når det blir varmare i vêret likar han seg særleg godt i lyng med opne fjellflekkar imellom. Og det er der, i typisk skogsterreng, at mange får eit ublidt møte med ormen. Hoggormen er ikkje aggressiv av natur. Men om han blir overraska eller provosert og opplever at det er uråd å flykte, kan han brått hogge til.
Då er spørsmålet kor mykje gift som blir overført via dei to gifttennene, forklarar Sagabråten til Nynorsk pressekontor:
– Heldigvis er eitt av tre hoggormbit såkalla «tørre», det vil seie at dei er utan gift eller har svært små mengder gift. Om det ikkje kjem ein reaksjon på bitstaden innan den første halvtimen, er det difor lite sannsyn for alvorlege reaksjonar. Om det to timar etter bitet ikkje er symptom i det heile, er hovudregelen at det ikkje er naudsynt med oppfølging eller behandling.
Somme pasientar utan reaksjonar bør likevel alltid få tilsyn av lege og bli observerte dei første 24 timane, understrekar han.
– Ungar under 12 år, gravide, personar over 70 og dei som har svekt helse, er oftare utsette for alvorlegare reaksjonar og skal alltid til legevakt eller sjukehus. Det gjeld også personar som er bitne i ryggen, magen, brystet, hovudet eller halsen. Dei kan erfaringsmessig få meir alvorlege reaksjonar, seier Sagabråten.
Teikna du bør sjå etter
For vaksne og elles friske pasientar, er det utsjånaden kring bitstaden som avgjer behandlingsbehovet. Vaksne som berre har milde symptom og ikkje viser teikn til forverring, bør observerast i 6–8 timar, men sjukehusinnlegging er ikkje naudsynt.
Har ein derimot tydeleg raudblå misfarging av huda, hevingar eller reaksjonar som høg puls eller blodtrykksfall med svimmelheit, bør ein raskt til sjukehus, seier Sagabråten. Pasientar som står på såkalla ACE-hemmande blodtrykksmedisin, er meir utsette for å utvikle lågt blodtrykk og bør også vere raske med å kontakte lege. Det same gjeldt om ein slit med pusten eller har magesmerter saman med brekkingar og diaré, fortel Sagabråten:
– Opphovning i ansikt eller svelg er eit anna illevarslande teikn på ein alvorleg og potensielt livstruande tilstand. Det same gjeld om pasienten blir sløv eller får nedsett medvit. Skjer noko av dette, bør ein ringe 113. Då hastar det med transport til legevakt eller sjukehus.
Unngå høg puls
Når uhellet er ute, er det viktig å freiste og behalde roa og la bitstaden vera i fred. Kroppsdelen som er biten bør i tillegg haldast høgt.
– Både bitstaden og den som er biten, skal haldast mest mogleg i ro. Høg puls hjå den som er biten vil nemleg føre gifta raskare rundt i kroppen og auke risikoen for meir alvorlege reaksjonar, seier Sagabråten.
– Roleg flytting er difor viktig. Om ein skal bevege seg for å kome helsehjelpa i møte, bør ein bera pasienten. Det er særleg viktig om det er eit barn som er blitt biten, ettersom dei er ekstra kjenslevare for hoggormgift.
Sagabråten tilrår alle å laste ned mobilappen «113». Då får du ikkje berre raskt fagråd og kan få ordna med snøgg uttransportering. Appen gir også AMK nøyaktige koordinat på kvar du er – om det skulle bli naudsynt.
Det er det som oftast ikkje, forsikrar han:
– Eg har vore fastlege i over 25 år og hatt mykje legevakt i område med utbreitt friluftsliv og turisme, men kan framleis telje på ei hand dei pasientane eg har lagt inn til observasjon etter hoggormbit. Desse innleggingane har skjedd fordi pasienten har tilhøyrt risikogrupper, ikkje fordi reaksjonen har vore alvorleg, seier Sagabråten.
– Heldigvis går det tiår mellom kvar gong det skjer eit dødsfall etter hoggormbit i Noreg.