nyhende

Alle stiane i løypa er godt merkte med raud maling. Jan Roar Oa, som har gjort eit stort arbeid med stiar og skilting, ved eit av merkene.

Tips til turar i helga

Blei du inspirert av påskerebus-saka frå turstiane på Oa og kva dei har fått til der? Her finn du oversikt over dei ulike turane om du har lyst til å prøva deg på gamle og nye stiar.

Publisert

Oa runden 

Løypa startar frå Oa ungdomshus. Herifrå går ein eit par hundre meter i retning Erve, før ein tek ned til venstre på ein grusveg med ein flott steinmur. Turen kan gåast i to variantar: den kortaste på 3,5 km og den lengste på 4,5 km. 

Først kjem ein ned til Oavika, der det er sett opp fleire rastebenker og laga til ei flott badestrand.

Oavika.

Her finn ein også grunnmuren til det som skal bli ein ny gapahuk, nok eit samlingspunkt for bygda.

Vidare går grusvegen over i skogssti med lett stigning før ein kjem inn på ein smalare sti. Dersom ein vel den lengste løypa, går turen først mot Oaneset. På vegen her passerer ein fleire husmannsplassar frå 1800-talet, med spor etter liv i form av gamle steinmurar etter hus og dyrehald. På Oaneset opnar landskapet seg, med ein fin rasteplass med rastebord.

Oaneset.

Herifrå går ein eit kort stykke tilbake og følgjer skilta mot Strømvika, som går gjennom eit trolsk terreng. Her er nokre blaute område, så gode sko blir tilrådde. Bilde 3 Dette er eit kort stykke før ein kjem ut på grusveg igjen og ganske tett på eit utsiktspunkt med rasteplass og bord. Her er det utsikt mot Vikebygd og Trovåg.

Vidare kjem nok ein avstikkar, skilta til Oahamn ned ein bakke. Ved Oahamn ser ein over til Tveit og Ervebrua. Det blir fortalt at Oahamn var utreiseplass til Tveit før brua kom.

Oahamn.

Deretter går det opp att til vegen, før ein følgjer grusveg og til slutt eit kort stykke asfalt tilbake til ungdomshuset. Turen tek om lag ein time og passar for dei fleste.

Ramnabjørtjørna 

Ramnabjørtjørna.

Start frå Oa ungdomshus. Rundtur på 3,3 km i meir ulendt terreng, med stigning dei siste 100 metrane. Om lag 1 time +.

Smidjefjell 

Smidjefjell (160 moh.) ligg rett bak Oa ungdomshus. Namnet kjem av at det tidlegare låg ei smie under fjellet. Det er ein fin sti i tørt terreng. Turen er om lag 0,7 km opp og tek rundt 45 minutt tur-retur. Bratt stigning. Ein kan også gå ein rundtur via Vårefjell og leggje til om lag 20 minutt.

Utmarksrunden 

Dette er ein av dei lengste turane. Ein kan starte frå Oa ungdomshus eller frå kyrkjegarden på Framnes. Begge startpunkt er godt merkte. Runden er om lag 5 km og går på skogsveg og gamle stiar. Det er lett stigning og stort sett tørt terreng, og turen passar godt for familiar.

Turen inkluderer om lag 1,5 km langs asfaltveg på slutten. Om ein startar frå Oa, går første etappe til Liervatnet, før ein held fram mot kyrkjegarden på Framnes.

Det er fleire moglegheiter for avstikkarar, til dømes til Ramnabjørtjørna eller opp til Vardafjell (177 moh.), der det er rastebenk og fin utsikt.

Vårefjell.

Midt i løypa kan ein også ta av til Vårefjell (185 moh.), som er det høgaste punktet i området. Her er det flott utsikt mot Vikebygd, Trovåg, Dommersnes, Tittelsnes og toppen på Borgundøy, og i motsett retning mot Tveit og Sundfør. Det er også mogleg å gå ned til Framnes kyrkjegard herfrå.

Vårefjell 

Fleire løypeval til Vårefjell.

Det er fleire utgangspunkt for tur til Vårefjell, alle relativt bratte (ca. 600 meter). Ein kan gå frå Oa ungdomshus, Budalen (litt finare sti), Oalia (mest stigning) eller frå Framnes kyrkjegard som del av Utmarksrunden.

Rundttur Åsen, Ervesvåg, Prøysen 

Turløyper på Oa.

Start frå Oa ungdomshus. Turen er 5,5 km og godt eigna som familietur. Turen består av skogsstiar, med lite stigning. Dette er opphavleg den gamle skulevegen for elevar frå Ervesvåg som gjekk på skule i det som no er bedehuset på Oa. Turen tek om lag 2 timar.

God tur!

Powered by Labrador CMS