nyhende
– Eg vil framsnakka alle som driv med frivillig arbeid
Pensjonist Signe H. Halleraker fortel om kvardagen sin i kyrkjelyden, gode Sveio-minne og kvifor ho vil løfta fram alle som driv med frivillig arbeid.
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg er pensjonist, men eg gjer masse. Eg driv litt med frivillig arbeid. No kjem eg frå soknehuset der me skal ha eit tilbod etter skuletid for dei som vil. Elles er eg mykje aktiv i kyrkjelyden. Eg jobbar på «Løa» ein gong i månaden, og i tillegg blir det litt husarbeid.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det er fint og fredeleg, og det er godt å pusta her. Det er også masse kjekke folk.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, eigentleg ikkje. Eg synest me har det godt i Sveio. Det dekkar behova mine, og viss det er noko anna eg treng, så kan eg berre køyra.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Eg har mange gode Sveio-minne, så det er vanskeleg å velja eitt. Men eg synest det er veldig kjekt med alle dei hyggelege folka som kjem på Gjenbruksløa. Der har eg mange gode minne. Elles gjeld det også familie og slikt, men eg klarar ikkje å trekka fram eitt spesielt minne.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg vil framsnakka alle som driv med frivillig arbeid, til dømes i kyrkja og i kyrkjelyden. Det er mange som gjer ein god jobb. Elles vil eg også seia at folk i Sveio er veldig kjekke.