yrke og utdanning
Set sjøbein på supplybåt
Matilde Nordtveit er matroslærling på forsyningsskipet «Stril Pioner» i Nordsjøen, tilhøyrande reiarlaget Simon Møkster Shipping AS i Stavanger. Den snart 19 år gamle Førde-jenta er ein del av mannskapet på 15 som deltek på vakter og arbeid om bord. Målet er å utdanna seg til ei yrkeskarriere til sjøs.
– Eg har planar om å utdanna meg til styrmann eller kaptein. Det inneber to år på skule etter at eg er ferdig med fagprøva, fortel Matilde Nordtveit. Ho jobbar ein månad ute og har ein månad fri.
Forsyningsskip
Båten ho er på heiter «Stril Pioner», og var ein av dei første gassdrivne forsyningsskipa i verda då den blei bygd i 2003. Skipet er 95 meter lang, 20,4 meter brei og litt over 6000 dødvekttonn, og nyttar flytande nedkjølt naturgass (LNG) som drivstoff.
Mannskapet på 15 består av kaptein, overstyrmann, 1. styrmann, 2. styrmann og fire matrosar. Chif og to 1. maskinistar, elektrikar, skipselektrikarlærling og kokk, pluss matroslærlingen frå Førde.
Praktisk opplæring
Det var i august i fjor at Matilde mønstra på. Arbeidsdagane om bord er forskjellige frå dag til dag, og gir rikt høve til praktisk opplæring.
– Hovudoppgåva mi er å ta imot containerar og senda dei opp når skipet ligg under plattformer, i tillegg til å kopla slangar til og frå plattformen. Me held også mykje på med vedlikehaldsarbeid, til dømes byta og sjekka ventilar, mala, vaska, byta ut øydelagde delar, og halda båten fri for rust. Ingen dagar er like og det er alltid noko nytt å læra, seier Matilde som trivast svært godt om bord.
– Kven har påverka deg mest i forhold til yrkesvalet?
– Det var farfaren min, Leif Andreas Nordtveit, som fekk meg til å velja ei maritim utdanning. Han har jobba både som chif og maskinist, og eg blei veldig interessert i yrket gjennom det han fortalde.
Stipend
Matilde sitt utdanningsløpet var teknikk og industriell produksjon (Vg1) og maritime fag (Vg2) på Karmsund.
Det er opplæringskontoret som har ansvar og fordelar læreplassar til dei som er kvalifiserte.
– Det er konkurranse om dei beste læreplassane og der er det karakterar, fråver og god oppførsel som tel, men det er ikkje vanskeleg å få læreplass så lenge du innfrir krava. I 2021 fekk alle læreplassar som søkte, kan matroslærlingen fortelja.
Ved skulestart på Vg1 og Vg2 fekk ho innvilga stipend for å kunna kjøpa alt nødvendig utstyr. I tillegg får ho bortebuarstipend annankvar månad den tida ho er på sjøen.
Fine opplevingar
Førde-jenta har opplevd mykje spennande og nytt den tida ho var vore lærling.
– Som matroslæring får du oppleva mykje og får sjå mange nye plassar. Mitt beste minne er frå ein tur til Svalbard.
– Kva tenkjer du om framtida for bransjen?
– Framtida i denne bransjen er veldig trygg, det er mange forskjellige jobb-moglegheiter på sjøen, blant anna ferjer, supplybåtar, tankskip, fiskeri, og mye meir og velga i, seier matroslærlingen frå Førde.