yrke og utdanning
Skulle eigentleg gå musikk, dans og drama:
Ombestemte seg tre veker før fristen – snart har Maria fagbrev nummer to
Snart har Maria Tverderøy sitt andre fagbrev. Ho bestemte seg for studieretning tre veker før fristen for å søka vidare utdanning, og har ikkje angra. No om dagen tilpassar ho stål og sveisar det ho kan, snart går ho opp til fagprøve.
På bilskadeavdelinga til Førde Auto dukkar det opp ei frøken frå ein stor hjulboge som høyrer til ein pickup. Lastesenga er demontert og lagt opp-ned på ein bukk, slik at Maria Tverderøy har god oversikt over reparasjonsobjektet.
Her har ho sveisa fast nye tverrbjelkar, sidan dei gamle var vekkrusta, og er i ferd med å ta av ei plate i hjulbogen. Den har eit stort hól der rusten også har ete, den må erstattast med ei ny.
Mange moglegheiter
– Det må vera ein viss standard for å bli EU-godkjend. Det er ein stor jobb, men eg skal ha fagprøve snart, så dette er god øving, fastslår ho.
22-åringen som er fødd og oppvaksen i Haugesund, har også har fagbrev som billakkerar. Ho hadde ingen spesielle draumar om kva ho skulle bli då ho var liten, men begynte å skru moped som 14-åring. I 10. klasse hadde ho planar om å gå på Skeisvang på musikklinja, heilt fram til tre veker før ho skulle søka.
– Kvifor valde du TIP?
– Ein har mange moglegheiter i faget. Eg bestemte meg ikkje for kva eg ville bli før vidaregåande. Lakkerar virka interessant, det er jo eit handverk. Ved å byggja på kompetansen, kan ein jobba fleire stader, og ikkje berre lakkverkstad, og slit ein med dårleg rygg etter 10 år, kan du jobba som bilsejlar, på delelageret – det er mykje du kan gjera, seier Tverderøy.
Utradisjonell veg
– Kva utdanning har du?
– Eg gjekk eit litt rart skuleløp for å bli lakkerar. Det finst eit eige Vg2-program, men då må ein reisa vekk, og det var ikkje eit alternativ. Først Vg1 TIP på Haugaland, så Vg2 køyretøy, deretter gjekk eg ut i lære som billakkerar. På grunn av den utradisjonelle vegen, måtte eg bestå ein eksamen som viste at eg hadde tilstrekkelege kunnskapar innan billakkerarfaget før eg fekk ta fagprøven. Etter 8-9 månadar som billakkerar, fann eg ut av eg ville gå for eit nytt fagbrev, og byggja på kompetansen, slik at eg har fleire moglegheiter i arbeidslivet. Bilskade og lakk er same linja, og sidan eg hadde eitt fagbrev frå før, fekk eg eitt års godskriving, slik at læretida mi på bilskade er eitt år. Eg måtte også ta ein eksamen for dette faget, fortel ho.
Å ha fagbrevet som lakkerar kjem til nytte i jobben ho gjer no, då lakk-kunnskapen gjer at ho kan sjå skadar som ein større heilskap.
Godsliten av jobben
– Korleis er ein typisk arbeidsdag?
– Eg startar dagen med å sjekka om det har kome inn moglege oppdrag til oss via forsikringsselskap, deretter tar eg kontakt med kunden for å høyra om dei vil komma til oss. Om nokon kjem for å visa ein skade, kjem eg ut for å bestemma korleis den kan fiksast, og reknar ut kva det vil kosta å fiksa. Får me jobben, må delar bestillast. Når bilen kjem inn, blir det ein del herjing og «mannaarbeid» som eg seier, men det går veldig fint, for me har gode hjelpemidlar, ler Tverderøy, som veit mykje om demontering av ulike bilar.
– Det er godt å komma heim og kjenna at du har fiksa noko – ein blir godsliten, smiler ho. Det er tydeleg at ho trivst i bransjen, men ho legg ikkje skjul på at ein bør vera utadvent for å nyta miljøet verkstadgjengen har.
Jenter er nøye
Det er framleis eit godt stykke mellom jentene i bransjen. Då Maria gjekk på vidaregåande, var dei tre jenter og 17 gutar i klassen. På Førde Auto har ho selskap av ei jente som også er lærling, men i eit anna fag.
– Me er få, men jenter er ofte meir nøye på ting, meiner Tverderøy, som har Kenneth Lie som rettleiar på bilskadeavdelinga.
– Jobbar du sjølvstendig eller under oppsyn?
– Kenneth har eit auga med meg, men eg er sjølvstendig mykje av dagen. Eg tar meg mest av skadane, og på store jobbar er me ofte to, spesielt når me byter ruter, eller tar av dører. Eg har også mykje kundekontakt sidan det er ein liten arbeidsplass med sju tilsette, det er kjekt!
God kompetanse på éin biltype
– Ditt tips til ungdomar som snart skal velja utdanningsprogram?
– Gå for det du synest er litt gøy, og linja du har ei god kjensle for. Du treng ikkje ha kontroll på livet og ein plan, for planen vil alltid endra seg, rådar Tverderøy.
– Kva har overraska deg i læretida?
– Eigentleg kor omfattande faga er, i forhold til kva du lærer på skulen.
– Kva skal til for å ha ein god dag på jobben?
– Det er ei god kjensle å vera innafor estimert tid på jobbar. Då føler ein at ein kan det ein held på med.
– Ein typisk skade du må ta hand om?
– Bilen eg ser oftast er Nissan Leaf, grunnen er nok at det er solgt store mengder av bilen, og ikkje på grunn av verken førarane eller biltypen. Det går i skraper her og der, på hjørner framme og bak. Mest uheldige skadar som ser stygge ut, men som ikkje er til skade for bilen.