yrke og utdanning
Korona gjer det mogleg for Cecilie (22) å ta to bachelorar
Cecilie King Johannessen (22) fekk eitt heilt semester som «vanleg» student på biomedisin ved Høyskolen i Kristiania før korona endra heile opplegget. Når mykje av det vanlege livet utgjekk, har ho gripe sjansen til å starta på eitt studium til.
Studietida er for dei fleste ei kjekk, men travel tid. Ein blir som regel kjend med nye folk, drar på festar og har det gøy med dei rundt seg, innimellom studia.
Livet som student er annleis no. Skular er stengte, store delar av undervisninga er digitalisert og mykje er avgrensa til eigen heim, på godt og vondt.
Cecilie King Johannessen, har gjort noko godt ut av det, og ser ut til å balansera to studium og to jobbar utmerka – i tillegg eit sosialt liv.
Treårig studium
Etter studiespesialiserande på vidaregåande var ho innom lærarutdanning ved HVL på Stord, men avslutta dette då ho fann ut at ho heller jobba med noko innafor helse. Oslo blei neste steg. Der går ho no det andre av tre år før bacheloren er ferdig. I haust starta ho også på ei nett- og samlingsbasert bachelorstudie innan sjukepleie ved Nord universitetet.
– Kvifor ikkje
– Eg har jobba på gamleheimen i Sveio i feriar, slik at eg kan stell og ulike prosedyrar. Draumen no er å bli lege, og bygga på biomedisinstudiet i utlandet. Sidan eg veit at eg kjem til å jobba innan helse i heile perioden, er det ikkje gale å ha med det grunnleggjande, forklarar King Johannessen over videosamtale frå hybelen sin i Oslo.
– Eg tenkte kvifor ikkje, og søkte ein ny bachelor for å sjå om det funkar. Eg må berre seia takk for korona, som gjer det mogleg å ta begge to, fortel den driftige studenten, som også har to jobbar ved sidan av studiane.
Matteoppgåver på jobb
Det er fleire årsaker til at dette går. To store fag på biomedisin og sjukepleie er like, derfor har ho fritak frå desse på sjukepleie dette året. Ein annan grunn er at det grunna korona ikkje har vore mogleg med samlingar i Vesterålen, der campus er – den første fysiske samlinga var på nyåret.
– Den eine jobben min er i resepsjonen på skulen i Oslo, der er det roleg no om dagane på grunn av korona, slik at eg har mykje tid til å studera medan eg er på jobb to dagar i veka. På sjukehusjobben tar eg gjerne med meg matteoppgåver.
For å få meir kompetanse, har nemleg 22-åringen også ein tilkallingsjobb ved Oslo universitetssykehus.
– Eg starta der for eitt års tid sidan som ringevikar. Eg blir sendt ut på ulike avdelingar etter behov. Eg får mange inntrykk, og lærer kva dei gjer på dei forskjellige postane, seier Cecilie.
Drilla i koronatanken
Hovudstaden har vore prega av korona sidan mars.
– Eg er van med å berre vera med enkelte folk, og merkar ikkje noko til den nye nedstenginga. Einaste er det færre folk i butikkane, og i kollektivtrafikken. Me som bur i Oslo er drilla i koronatanken, me går med munnbind berre me er utanfor døra, og gjer ein ikkje det, blir me nesten sett ned på. Då eg var heime i Sveio i jula var det heilt omvendt – der brukte ingen munnbind, seier den glade studenten.
Cecilie bur på hybel for seg sjølv like ved Majorstua, der er det sentralt, fint og roleg. Sveio-jenta oppheld seg mest på ein av dei to jobbane, heime eller på skulen om dagen, og har omgang med to venninner.
Digitalt i praktiske fag
Første året av bacheloren var ho stort sett på skulen, men med munnbind i enkelte situasjonar. Frå nyttår er alt digitalisert og tilrettelagt for heimestudiar. Det er til og med kome digital undervisning i praktiske fag. Ein del av studiet i biomedisin krevjer at ein må vera med på labarbeid.
– Tidlegare møtte me opp med munnbind på laben. Dette semesteret har det vore heilt uaktuelt å møta opp, i staden har me videosimulering, det er som eit spel, forklarar King Johannessen.
Triks for god studieteknikk
Å ha ein god studieteknikk betyr mykje. King Johannessen har funne det som fungerer for ho. Den tradisjonelle lesinga, som ho opplever at det er mykje fokus på, går rett inn og rett ut av hovudet. For ho gjeld det om å behandla informasjon på ulike måtar.
– Eg har lært at det handlar om å gjera læringa gøy, og då er ofte visuell informasjon som fungerer. Då eg skulle læra meg sju steg innan genregulering gjekk det ikkje inn. Etter at eg hang eit kort på utsida av dusjkabinettet lærte eg det, forklarar ho.
Flashcards og post-it-lappar
Å sjå lappar med bilde, spørsmål eller kort informasjon, fungerer altså betre enn å prøva å hugsa notat.I lærebøkene filtrerer ho vekk det som er uviktig, fokuserer på setningane med relevant innhald, og lagar seg flashcards på ein app, der ho lagar spørsmål utav fakta som kunne vore pugga.
– Eg ser også på YouTube og høyrer på podcast med ulike tema. Og dersom det er noko eg må hugsa, heng eg post-it lappar rundt i hybelen min.
På veg til og frå skulen, og andre augneblinkar ho ellers skulle ha kjeda seg, tar ho fram telefonen og «flashar» spørsmål frå pensum.
Nattevakt og Netflix
Natt til søndag var ho nattevakt på tilkallingsjobben ved Oslo universitetssykehus. Det som er igjen av kvelden skal brukast på å læra meir om immunologi (biomedisin) og medikamenthandering (sjukepleie), før det blir møte med venninner på Netflix, der dei skal sjå same filmen eller serien i lag.At korona har øydelagt for det sosiale er klart.
– Det blir begrensa, men eg og venninna mi er flinke til å slappa av, laga oss taco eller ha ein filmkveld i lag.
– Heilt til sist – kva er ditt tips til dei som skal velja utdanningsprogram?
– Stol på deg sjølv, og gjer det du vil. Veit du ikkje, er det naturleg å gå på studiespesialisering – hugs at det aldri er for seint å snu!