yrke og utdanning

Sandra Bråtveit Kirketeig trivst godt på utplassering.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Sandra Bråtveit Kirketeig trivst godt på utplassering.

Får ein forsmak på livet som lærling

I januar er 30 elevar frå Haugaland vidaregåande skule utplassert hos forskjellige verkstadar på Haugalandet. Utplasseringa er ein forsmak på kva livet som lærling kan vere, og elevane er freista. — Eg gler meg, seier Sandra Bråtveit Kirketeig.

Publisert Sist oppdatert

— Det er multireima som skal skiftast, seier Sandra Bråtveit Kirketeig.

Med panseret opent og handa djupt nedi motorrommet viser ho kva som må fiksast.

— Denne bilen er det eg som har ansvar for, seier ho.

Kirketeig går sitt andre og siste år på køyretøy-linja på Haugaland vidaregåande skule.

Denne veka og dei tre neste tre er ho utplassert hos bilverkstaden på Haukås, noko ho også var før jul. Utplasseringa skjer gjennom faget som heiter yrkesfagleg fordjuping. Elevar får prøve seg i arbeidslivet hos ei bedrift, som ein slags smaksprøve.

Verkstaden er svært nøgd med Kirketeig. Dei har allereie signert ein lærlingkontrakt med ho.

Gjengen på Haukås Bilverksted har teke sin komande lærling godt i mot.Frå venstre: Øystein Kinn, Sandra Bråtveit Kirketeig, Erik Hansen Ureta, Lars Haukås, Joakim Koltveit og Solfrid Hjortland Kinn.

Når sommaren kjem og Kirketeig er ferdig med skulegangen, så vert ho offisielt lærling.

Det er ho klar for.

— Kva tenkjer du om å vere ferdig til sommaren?

— Det gledast, humrar Kirketeig.

Hennar andre år hadde fleire andre mogelegheiter innan kva fagområde ein ynskjer å spesialisere seg i. Men for Kirketeig var det klassisk bilmekanikar som freista. Kjærleiken for køyretøy er nemleg ei interesse som ho deler med faren sin.

Eg gjekk helse første året og var lei etter eit år, så då endra eg

I garasjen heime ved Hodnafjellet har han to gamle bilar av modellen Volkswagen «Boble». Ho sparar til si eiga «Boble».

Sidan ho fekk førarkortet i sommar kan ho køyre til jobben sjølv.

— Det er ein stor fridom, seier Kirketeig.

Betre enn skule

Utplasseringa er mogelegvis den beste delen av skulegangen.

— Eg synest det er betre enn skule. Det er gøy å få øvd seg, seier Kirketeig.

Fire dagar i veka frå måndag til torsdag jobbar ho i åtte timar på verkstaden.

— Er det hardt å skulle stå på ein heil arbeidsdag?

— Eg synest det er greit, svarar ho.

— Har du noko tips til dei som skal søkje utdanning i år?

— Følg det du vil. Eg gjekk helse første året og var lei etter eit år, så då endra eg, seier Kirketeig.

Forsmak på arbeidslivet

For Sander Osmundsen er det hans andre utplassering, men den første hos Sveio Auto.

— Første gong var eg hos Last Haugesund og lærte om bremsar. Delane her er mindre, så det er ikkje så veldig tunge ting å bere, spøker Osmundsen.

Meininga er at elevane skal få vere med i fleire prosessar, og få opplæring i korleis ein bil er bygd opp

Saman med dei andre på verkstaden er det service av bilar som står på agendaen for dagen. Utplasseringa er ein god mogelegheit for å bli kjend med alt ein bil består av.

Ein tidlegare lærling, ein noverande elev på utplassering og sjef for verkstaden poserer for eit bilete på Sveio Auto.Frå venstre: Harald Vikse, Sander Osmundsen og Vegard Nordvik.

— Meininga er at elevane skal få vere med i fleire prosessar, og få opplæring i korleis ein bil er bygd opp, seier Vegard Nordvik i Sveio Auto.

— Og, korleis det er å vere i arbeidslivet, skyter Osmunden inn.

Nordvik er dagleg leiar på verkstaden. Han fortel at dei ikkje har hatt lærlingar på eit par år, men at dei tenkjer på å ta inn fleire i framtida.

Ein av dei tilsette på verkstaden var faktisk lærling under Nordvik for nokre år sidan.

Saknar ikkje skulen

Osmundsen er svært nøgd med tilbodet om utplassering i skulegangen.

— Eg saknar ikkje skulen, og likar meg godt i utplassering. Me har drive med service og nokre EU-kontrollar så langt, seier han.

— I den komande veka skal me ha fokus på mellom anna hjulstilling og korleis det fungerer, seier Nordvik.

— Det gler eg meg til, seier Osmundsen.

Fagfeltet han utdannar seg innanfor er breitt, og han er ikkje heilt sikker på kva han vil bli.

— Eg har tenkt på mykje forskjellig. Eg må jo ha fagbrev i noko, så eg kunne tenkt meg noko med enten lette eller tunge køyretøy, seier Osmundsen.

— Det viktigaste er å finne noko ein trivst i, seier Nordvik.

Treng fleire lærlingar

Bilbransjen på heile Haugalandet har eit stadig behov for nye lærlingar. Det er noko Knut Rørtveit jobbar med.

Han er dagleg leiar i selskapet Bilbransjens opplæringskontor Haugalandet AS. Det er eit selskap eigd av alle bilverkstadene på Haugalandet.

— Det er viktig å få lærlingplassar, og me kunne sikkert hatt fleire, seier Rørtveit.

Selskapet samarbeider i hovudsak med Haugaland vidaregåande skule, men også noko med Gand videregåande skule i Sandes, og Ølen vidaregåande skule.

Gjengen på Haukås Bilverksted har teke sin komande lærling godt i mot. Frå venstre: Øystein Kinn, Sandra Bråtveit Kirketeig, Erik Hansen Ureta, Lars Haukås, Joakim Koltveit og Solfrid Hjortland Kinn.

Dei koplar elevar som ynskjer utplassering eller som vil verte lærlingar, med verkstader som kan ta dei i mot.

Utfordringa er ikkje verkstadene. Det er å rekruttere elevar til utdanninga

Rørtveit fortel at dei har gode erfaringar med arbeidet.

For tida er det 30 elevar utplasserte på verkstader frå Haugaland vidaregåande skule. Samstundes følgjer opplæringskontoret opp 60 lærlingar som allereie har teikna kontraktar.

Deira mål er at det skal bli meir vekst, og då treng dei fleire elevar.

— Utfordringa er ikkje verkstadene. Det er å rekruttere elevar til utdanninga, seier Rørtveit.

Powered by Labrador CMS