yrke og utdanning
15 avgangselevar frå Sveio skule fortel om sine planar:
– Eg har veldig lyst til å studera, men veit ikkje kva eg vil bli
Me har snakka med 15 elevar på Sveio skule om kva dei skal velja 1. mars. Dei var stødige og sikre i svara sine, og virka klare for å ta eitt steg vidare i utdanningsløpet.
– Kva utdanningsprogram skal du velja, og kvifor?
– Kva eller kven har vore mest til hjelp for å koma fram til valet?
10A |
|
![]() |
Elsi Musaev– Bygg og anlegg. Eg synest det passar meg, då eg har lyst til å bli tømrar eller arkitekt. Eg har likt å teikna heile livet, og synst det virkar spennande å byggja hus. – Meg sjølv og pappa. |
![]() |
Felipe Martinez de Oliviera– Studiespesialisering. Eg har lyst til å ta vidare utdanning og få studiekompetanse. Eg likar naturfag, interesserer meg for legeyrket og har lyst til å bli kirurg. – Eg har funne ut av det sjølv. |
Maryon Victoria Leirvik– Eg har valgt helse og oppvekst. Då eg gjekk i barnehagen på Bråtveit blei eg skikkelig glad i å leika med dei små ungane som kom, og passa på dei. Eg visste alt då at eg ville jobba med ungar. – Mest mamma og storesøstera mi, begge jobbar innafor omsorgsyrke. |
|
![]() |
Maria Lovise Fykse– Eg har valgt helse og oppvekst. Eg vil jobba med små ungar, det verkar kjekt. – Eg har alltid villa jobba med barn, og eg vil ha ein kjekk jobb. Eg har tenkt det ut sjølv, men har spurt om ting og fått bekreftelse frå foreldra mine, dei har hjelpt meg litt. |
![]() |
Sander Osmundsen– Eg har gått for TIF. Eg fann rifler interessant etter at morfaren min viste meg ei. Eg blei inspirert, og har lyst til å bli børsemakar. – Eg har sett på forskjellige kanalar, YouTube og TV-program om våpen og historia bak. Eg kan tenka meg å blanda forskjellige typar børser. |
10B |
|
![]() |
Tomas Dale– Eg kjem til å gå for elektro Skoleskipet Gann. Folk eg kjenner synest det er gøy der, og eg synest det virkar kjekt å bu vekke og jobba praktisk. Vidare går eg mogleg matros, eller VG2 elektro. Jobben eg har lyst til å få er pilot. – Pappa, han jobbar med maritim utdanning. |
![]() |
Odin Wåge– TIF på Skoleskipet Gann. Det verkar kjekt, etter alt me har sett på skulen. Det kan bli kjekt å få bu vekke og studera. Eg har lyst til å jobba på plattform med olje, men eg har ikkje heilt bestemt meg for kva innafor det enda. – Det har alltid vore pappa, han jobbar allereie i olja. Har også fått mykje hjelp av Sverre, læraren i Utdanningsval. Dei har hjelpt meg til å velja rett, og eg har fått bra råd om kva eg skal velja i forhold til kva eg likar å halda på med. |
![]() |
Ørjan Moe Skattkjær– TIF på Haugaland. Eg er ganske interessert i bil, ser mykje på YouTube på det som har med bil å gjera. Eg har lyst til å bli bilmekanikar. – Eigentleg meg sjølv, eg har hatt det som mål ganske lenge nå. Har vore interessert i bil ei god stund. |
![]() |
Oliwia Druzynska– Eg skal ta medium og kommunikasjon. Så lenge det er studiespesialiserande så er det greit for meg, det høyrest kjekkast ut av dei vala eg kan ta. Eg vil studera noko seinare, men eg veit ikkje heilt kva enda. Kanskje noko innafor emnet, det høyrest kjekt ut. – Ikkje så mykje. Me har utdanningsval som fag på skulen, der blei eg kjend med medium og kommunikasjon. |
![]() |
Maria Steinstø– Helse og oppvekst. Eg er ein person som er glad å i vera med folk, og passa på at andre har det bra. Eg får ofte høyra at eg passar inn innafor omsorgsyrke. Eg har lyst til å bli barnehageassistent. – Mest mora mi, trur eg. Ho jobbar innafor helse og oppvekst. Ho har alltid hatt trua på meg. |
10C |
|
![]() |
Tobias Sjursen– Eg har valgt bygg og anleggsteknikk. Eg er interessert i anlegg og praksisarbeid. Eg har lyst til å bli anleggsmaskinførar. – Det er Henrik Blytt og Vidar Stokkenes. Dei viser meg ting, og har lært meg mykje. Eg føler det passar meg bra. |
![]() |
Daniel Staupe– TIF. Eg har lyst til å komma meg fortast mogleg ut i arbeid, gå minst mogleg skule og få utdanning så raskt som mogleg – og tena pengar. Eg vil bli anleggsmaskinførar. – Pappa, farfar og oldefar – heile slekta. Det er mest pappa som har inspirert meg. Eg har vore med han og gravd sidan eg var liten. |
![]() |
Theo Leander Simonsen– Mest sannsynleg TIF, og vidare på INT på Vg2. Eg har lyst til å bli ingeniør, trur eg. Eg er veldig interessert i mekaniske ting, og bruka nevane. – Kanskje pappa. Han har gjort meg interessert i slike ting. |
![]() |
Sunniva Rossebø– Studiespesialiserande. Eg veit ikkje kva eg skal bli, då vil eg få betre tid til å finna ut av det. Eg har høyrt mykje kjekt om Skeisvang. – Mamma er rådgjevar, eg har snakka mykje med ho om kva eg bør gjera. Eg har også fått ganske god hjelp av rådgjevaren på Sveio, Elin Brit, og familien. |
![]() |
Sarah Kvalvågnes Guddal– Studiespesialiserande på Skeisvang. Eg har veldig lyst til å studera, men veit ikkje kva eg vil bli. – Me har ikkje vore på besøksdagar, men eg har høyrt frå andre korleis det er, og at dei har det kjekt der. Ellers har funne ut av det sjølv. |
Tekst: Irene Flatnes Haldin
Foto: Kari Nilsdatter Haukås













