yrke og utdanning

Yrkesmessa i Tysvær Arena vart besøkt av over 2.500 elevar. No er det venta like mange til Utdanningsmessa for Sunnhordland på Stord.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Yrkesmessa i Tysvær Arena vart besøkt av over 2.500 elevar. No er det venta like mange til Utdanningsmessa for Sunnhordland på Stord.

100 sveibuar til Utdanningsmessa på Stord

Denne veka skal elever frå både vaksenopplæringa og grunnskulen i Sveio reise til Stord for å få inspirasjon til utdannings- og yrkesval.

Publisert Sist oppdatert

Sveio-ungdom har, grunna kommunen sin geografiske plassering – og med Haugesund som sitt regionsenter, rett til å søkje vidaregåande utdanning både i Rogaland og i Vestland fylke. Det betyr at elevane også får ein mogelegheit til å bli kjent med både utdanningsinstitusjonar og næringsliv på begge sider av fylkesgrensa.

Før jul var avgangselevane frå Sveio på Yrkesmessa for Haugalandet i Tysvær. Neste veke går turen til Utdanningsmessa for Sunnhordland på Stord. Onsdag reiser 30 personar frå vaksenopplæring i Sveio til messa, og torsdag er turen kome til 69 elevar frå Sveio skule.

Kamp om hovuda

Kampen om dei unge hovuda er stor og på arrangement som dette kan verksemder starta rekrutteringsprosessane sine tidleg.

— Akkurat denne messa er nok ikkje for verksemder som skal rekruttere i morgon. Men dei som vel å stille ut på messa er nok opptekne av å vise seg fram, slik at dei er unge er medvetne om kva mogelegheiter som finst, når dei om eit par år står på terskelen til arbeidslivet og skal velje karriereveg, seier prosjektleiar for Utdanningsmessa for Sunnhordland, Kurt Grundvold.

Meir akutt interesserte er nok den lange rekka med utdanningsinstitusjonar som også vil vere til stades. Dei skal vinne gunsten til mange unge som har søknadsfrist til vidaregåande utdanning 1. mars. På messa vil elevane treffe representantar frå vidaregåande skular, folkehøgskular og Høgskulen i Vestland.

Til saman er rundt 2.500 håpefulle elevar venta til den to dagar lange messa som Stord Rotaryklubb er arrangør for.

Mange nye yrke

Grundvold meiner utdanningsmessene er viktige.

— Vi som er blitt godt vaksne ser me jo at det er ein del yrker som har forsvunne sidan me var unge. Men i mellomtida har det kome nye yrke som me knapt har høyrt om. Utdanningsmessa er ein fin stad å bli kjent med denne utviklinga, og sjå på kva mogelegheiter som finst i dag, seier han.

Utanom det som har med utdanning å gjere, vil elevane finne eit bredt spekter av industri, havbruksnæringa, elektro, helse, offshore og ei rekkje andre bransjar. Forutan nokre havbruksaktørar med oppdrettsanlegg i Sveio er det ingen verksemder frå Sveio å finne på ustillerlista.

At Sveio-elevane allereie har vore på ei yrkesmesse, den for Haugalandet, som gjekk av stabelen før jul, ser ikkje prosjektleiaren på Stord på som noko problem. Han kan ikkje sjå at dei er konkurrentar.

— Det er berre fornuftig at elevane får delta på fleire messer, meiner Grundvold.

Utdanningsmessa for Sunnhordland finn stad i Stord Idrettspark på Vikahaugane, like sør for kommunesenteret Leirvik.

Powered by Labrador CMS