sport
Tobias (17) sitt store gjennombrot på fotballbanen
Sveibuen Tobias Kvalvågnes Guddal blomstra då han fekk sjansen på A-laget til Djerv 1919 i haust.
17-åringen fekk sitt store gjennombrot i haust for A-laget til Djerv 1919. Sveibuen frå Kvalvågnes debuterte for topplaget i 3. divisjon den 10. august. Tobias heldt sidan plassen på laget, og endte sesongen med ni spelte kampar og eit mål.
– Det har vore veldig kjekt. Eg fekk sjansar med Djerv etter ein del skadar på midtstopparar, og føler eg har tatt sjansen bra. Det har vel eigentleg berre vore veldig kjekt å oppleve. Satsar på mykje bra framover også, seier Tobias.
Mannen som gav han sjansen, hovudtrenaren til Djerv 1919 Endre Eide, angrar ikkje på avgjerda om å gje den høgreiste sveibuen midtstopparplassen.
– Det har litt å gjera med utviklinga hans i høve til at han blei satsa på i haust. Me er ein klubb som ynsker å få spelarar som blir gode på sikt. Å gje moglegheiter til dei lærevillige. Vår jobb er å gje dei moglegheita, og så må dei bevise at dei fortener den. Tobias har ikkje sett seg tilbake etter at han fekk den, fortel Eide.
Vil prøve å satse på fotball
Fotball har alltid vore noko Tobias har trivst med. Etter mange år på ungdomslag i Sveio IL, ynskte han å finne ein plass kor han kunne satse. Då blei Djerv 1919 eit naturleg val.
– Eg spelte i Sveio IL og var litt innom FKH Team også, men så blei eg kasta ut derfrå. Då følte eg at det kanskje var på tide å ta steget vidare for å prøve noko nytt sidan eg hadde vore litt skada og i ein litt tøff periode. Eg valde Djerv 1919 fordi eg kjende trenaren, Arild Andersen, og visste godt kven han var.
Torgeir Katla var ein av dei som var med å trene Tobias i Sveio IL. Han seier det var bra at den talentfulle ungguten drog til Djerv 1919 der han fekk god oppfølging og fekk tatt igjen det tapte etter eit skadeplaga siste år i Sveio.
– Det var tre andre som gjekk samtidig med han. Det var ein moglegheit for å satse litt på fotball. Tobias var den av dei som gjorde det tidlegast. Han var god tidleg, men det gjekk litt i bølger. Han har alltid trent godt og ville bli bedre sjølv i bølgedalen. Det får han betalt for no, seier Katla.
No trenar Tobias fem gongar i veka med Djerv 1919. Ved sida av fotballen går Tobias andre året på Haugesund Toppidrettsgymnas. Kontrakten med Djerv 1919 varer ut 2021, slik at han i alle fall kjem til å spele i klubben ut skulegangen.
– Sånn som det ser ut no, har eg i alle fall lyst til å prøve og satse på fotball. Får sjå kva det blir til. Eg prøver å gjere det så godt som mogleg på skulen i tillegg. Kombinere det slik at eg alltid har ein moglegheit uansett, seier Tobias.
Hard konkurranse
Trass i fast plass og dei gode prestasjonane i haust, vil ikkje Djerv 1919 sin hovudtrenar gi nokre garantiar for speletid i den komande sesongen. Han seier det vil halde Tobias motivert, og at det er for at han heile tida skal ta nye steg.
– Han veit om at det er hard konkurranse. Det gjeld å ha tunga beint i munnen for å halde på plassen han har fått, seier Eide.
Tobias sjølv er fullt klar over den harde konkurransen om midtstopparplassane. Målet hans for sesongen er å spele seg fast inn i startelleveren og etablere prestasjonane på høgast mogleg nivå.
– Eg følte ikkje at eg spelte meg ut av laget, men sjølvsagt kan det skje mange ting. Eg kan til dømes bli skada.
Og det er som han seier stor konkurranse om akkurat den stopparplassen med fire gode stopparar. Det handlar eigentleg om å gjere det beste på trening og heile tida stå på.
Sjølv om Eide ikkje vil garantere speletid til 17-åringen, har han stor tru på han som fotballspelar.
– Tobias er målretta. Ein som eigentleg ikkje har vore blant dei største talenta, og har måtta jobbe og slite for at han nå er i ein posisjon kor folk har fått augene opp for han. Det kjenneteiknar dei gode at dei slit for ting. Heile tida må stå i vanskelege periodar og jobbe vidare sjølv om ting kanskje ikkje flyt som ein vil. Det er ein fordel at han er kjend med det. Han blir 18 i år og må gjennom mange viktige fasar fortsatt. Med dei ressursane han har, så er det litt opp til han sjølv kor god han kan bli. Skilnaden på om ein blir god eller ikkje så god, er om ein verkeleg prioriterer for å bli så god som ein kan, utdjupar Eide.
Fotballfamilie
Det er ikkje berre Tobias i familien som er glad i fotball. Pappa Tørres Guddal er aktiv trenar i Sveio IL og har vore med å trene sonen. Tobias har også ei veslesøster, Emilie Kvalvågnes Guddal, som spelar fotball i Sveio IL. Ho var nyleg på kretssamling.
– Ho seier ho ser korleis eg har trent og gjort ting. Eg har trent mykje med pappa og har vore mykje på banen. Då eg var yngre hadde eg til dømes ein fotballbane i kjellaren kor eg var å trente. Eg har heile tida lekt med ball også, fortel Tobias.
Tørres Guddal trenar laget til dottera saman med Torgeir Katla. Sistnemde kjenner godt til fotballfamilien Guddal, og beskriv dei som ivrige.
– Dei veit litt om fotball i familien Guddal, konkluderer Katla.