sport
Til topps i Dana Cup med FKH
Fredag gjekk FkH til topps i J17-klassen i Dana Cup. Dei to sveiojentene Emma Heiberg-Andersen Katla og Vilde Remøy Bertelsen var med på vinnarlaget.
FKH-laget sikra siger i sin klasse ved å slå Medkila 3-0 i finalen.
– Det var skikkeleg gøy, seier Emma Heiberg-Andersen Katla, som no er heime i Sveio igjen.
Ho fortel at laget var svært motiverte på førehand, og visste dei hadde vinnarsjansar.
Mest heile livet
– Eg har spelt fotball mest heile livet. Frå eg var seks til 15 år spela eg på Sveio IL sitt lag. Deretter gjekk turen til Avaldsnes. I vinter blei det inngått eit samarbeid mellom Avaldsnes og FKH, fortel ho.
Ho legg til at ho tidlegare har vore med på Norway Cup og Gothia Cup, men aldri Dana Cup. Sigeren i Danmark før helga medgir ho er eit høgdepunkt i fotballkarrieren så langt.
Til FKH via Vard
Også Vilde Remøy Bertelsen starta i Sveio IL, men gjekk deretter til Vard. Gjennom ein samarbeidsavtale med Avaldsnes spelte ho også for Avaldsnes før ho no altså har hamna i FKH.