sport
Sydnes-hat trick og ny siger
Sveio serverte nok eit målshow tysdag kveld. Denne gongen var det Martin Sydnes som bøtta inn mål og var sterkt medverkande til at det blei bortesiger 1-4 mot Bremnes 2.
Det blei ingen mål på storscoraren frå forrige kamp, Eirik Torkelsen Haugsgjerd, men kva gjer vel det når ein annan spelar har dagen? Martin Sydnes banka inn tre mål, og sikra sigeren..
— Eg trur han pådrog seg strekk på stemmebandet etter den siste målet. Det kom eit heftig gledeshyl då hat tricket var i boks, seier trenar Henrik Grasdal Larsen.
— Me hang litt i tauet
Kampen starta bra med 0-1 til Sveio med Sydnes-scoring etter fem minuttar. Berre to minuttar seinare utlikna Magnus Steinsland Sortland til 1-1.
— Då må eg innrømma at eg tenkte mitt. At me var tilbake til gamle synder. Me hang litt i tauet delar av kampen, men laget viste god moral og me vann på ein dårleg dag, seier ein nøgd trenar.
Kampen var jamnare enn resultatet tilseier, og forutan Sydnes bidrog keeper Filip Ravn Turkerud ekstra til å sikra sigeren.
Ligg på 2. plass
— Filip sto som ein vegg bak. Det gjorde godt med dei to seine måla som sikra tre poeng, og det er veldig kjekt å ligga i toppen på tabellen. Sjølv om laga tett på oss har færre kampar, seier Grasdal Larsen.
Måndag er det både heimekamp og toppkamp mot Torvastad 2. Godt vêr er det også meldt, så her ligg det an til ein triveleg og spanande fotballkveld med eit Sveio-lag som både er i god form og scorar mange mål.
Tabellen
Det er svært tett på toppen av tabellen med fire lag som har 12 poeng. Sveio ligg på 2. plass, men tabelleiar Ølen og Torvastad 2 har ein kamp mindre spelt, og Djerv 1919 har to kampar mindre spelt.