sport

Sveio Menn 1Sveio FotballPetter Vikse, nr 6, kaptein
Petter Vikse var trenar i staden for kaptein denne kampen.

Sveio vann 4 -1: — Me har god flyt

Sveio sitt herrelag slo Trott 2 og dominerte kampen. Men det var noko rollebyte, for då trenar Jan Henrik Larsen låg sjuk heime med korona, trødde kaptein Petter Vikse til. Og Rune Morten Ramsvik Lie debuterte som keeper.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

6. divisjon avd. 4

Sveio – Trott 2 4-1 (2-0)

Mål: 1-0 (10. min.) Kjetil Pedersen, 2-0 (25. min.) Lars Røseth, 2-1 (52. min.) Oliver Huse, 3-1 (75. min.) Erik Sydnes, 4-1 (85. min) Andre Theodor Simonsen.

Gule kort: Erik Sydnes og Peter Vikse (trenar), Sveio IL, Leif Tore Føyen Aarland, Trott

Dommar: Svein Hægland, Avaldsnes

Det var ikkje den rolla han hadde sett for seg å ha under kampen på onsdag.

— Du vart kaptein, og så trenar?

— Ja, eg vart visst det, humrar Petter Vikse.

Solid siger

Dei raudkledde slo Trott 2 og spelte ein jamn god kamp ifølgje den midlertidige trenaren.

— Me spelte ein god kamp og vann 4-1, seier Vikse.

Kjetil Pedersen byrja med å scora for Sveio etter berre ti minutt. Eit kvarter seinare følgde Lars Rødseth opp med å auka leiinga til 2-0 i 25. minutt.

Slik vart det til etter pause, då Trott 2 scora sitt einaste mål i 52. minutt. Spenninga om mogeleg utlikning varte ikkje lenge då Eirik Torkelsen Haugsgjerd sette ballen i nettet igjen for sveibuane i 75. minutt.

Deretter stadfesta Andre Theodor Simonsen det openbare ved å auka leiinga frå 3-1 til 4-1 i 85. minutt.

— Er det nokre augeblinkar du vil trekka fram frå kampen?

— Hmm, me spelte nokså grei fotball store delar av den. Me forsvarte oss godt og scora på dei mogelegheitene me fekk, svarar han.

Rollebyte

Trenar Jan Henrik Larsen låg heime og var sjuk. Han hadde fått korona, og Vikse tok difor over rolla som trenar. Men, han var ikkje den einaste som prøvde noko nytt denne kampen.

— Rune Morten Ramsvik Lie debuterte som keeper. Han spelte ein god kamp og slapp berre inn eitt mål. Det skuldast meir forsvaret enn keeper, så han hadde ein ganske god debut, seier Vikse.

Frå sidelinja såg han ein annan gjera ein solid innsats med kapteinsbandet på armen.

— Eg fekk mykje god hjelp av Erik Sydnes som var kaptein under kampen, seier han.

— Kva synest du om å vera trenar samanlikna med å vera kaptein?

— Det er jo ei oppgåve eg ikkje har hatt før. Det var kjekt når kampen gjekk så flott som han gjorde, seier Vikse.

Den nye rolla vart enklare med det han beskriv som eit velfungerande lag.

— Spelarane tar mykje initiativ sjølv, så då er det berre å stå på sidelinja og skrika motiverande, humrar han.

Jaktar på opprykk

På eit tidspunkt gjekk han såpass inn i trenar-rolla at han vart tildelt eit gult kort.

— Eg var ikkje heilt einig med dommaren, så eg gav beskjed. Han var ikkje så glad i å få tilsnakk. Det er fort gjort å verta ivrig på sida, ler Vikse

— Kva skuldast tilsnakket?

— Det var mykje feildømmingar. Han nekta å blåsa frispark og dømte mykje i mot oss, seier Vikse.

Måndag 17. april spelar dei sin neste kamp. Denne gong mot Skjold 2 på bortebane i Aksdal.

— Alle er motiverte til å jakta på opprykk. Så lenge me har nok folk og dei held seg friske, så har eg tru på at det kan verta ein god sesong. Heile gjengen er godt klar for ny kamp på måndag, seier Vikse.

Han er nøgd med opplevinga som trenar og korleis kampen gjekk. Samstundes klør det i fotballskoa. På spørsmål om han har nokre trøystande ord til sin sjuke trenar svarar han leande.

— Det er kjekt å ha han med, men me viste at er han vekke, så klarar me oss også, humrar Vikse og legg til:

— Men det vert kjekt å ha han tilbake så eg kan få vera kaptein og tilbake på banen igjen, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS