sport

Sveio-jentene tapte kampen, men kapra finalesølvet

Sveio IL sitt jentelag fekk sølv i KM-finalen mot Madla på søndag. Kampen blei spela i Randaberg Arena.

Publisert Sist oppdatert

Det blei tap i finalen, men det er uansett ei bragd av eit lag frå ein liten klubb som Sveio å koma så langt.

– Me møtte eit veldig godt Madla-lag som var heilt overlegne i finalen og slo oss 8-1. Men det tek ikkje frå Sveio-jentene prestasjonen å koma til finalen i konkurranse med alle andre 14-års lag i Nord-Rogaland, kommenterer Torgeir Katla stolt. Han deler trenaroppgåva med Tørres Guddal.

Vunne 15 av 16 kampar

Sveio J14 har spelt 16 kampar denne sesongen og vunne 15 av dei. Jentene vann alle kampane i serien sin og blei difor kvalifisert for semifinale i krinsmeisterskapen. Der spelte dei mot Vard J14 på kunstgraset på Sveio.

Ifølgje Katla har det sjeldan vore så mange tilskodarar som denne kvelden. Kampen blei særs spennande, og etter to mål av Emilie Guddal, og eitt av Tiril Frøvik, vann Sveio 3-2.

Mange å takka

Nå får jentene takk for ein strålande sesong. Trenarane ønskjer også å få fram at dei har fått veldig god hjelp frå fleire spelarar på 13-årslaget til Sveio og deira flinke trenarar, Asbjørn Valen og Svein Erik Bjelland.

– Utan dei hadde me ikkje fått til dette! seier Katla.

Powered by Labrador CMS