Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
sport
Spelte godt, men tapte
Førre veke tok Sveio volleyball imot Haugesund sitt førstelag på heimebane. For første gong i år kunne dei mønstra berre seniorar frå start. På sidelinja eit par juniorar og trenar Ole Johan Sveen.
Laga følgde kvarandre tett i byrjinga, og Sveio spela eit særs godt førstesett. På stillinga 24-22 til Sveio vart det sett i gong trampeklapp på tribunen, og den vart avløyst av høgt desibel då ballen klaska i parketten på andre sida. Sveio vann settet 25-22.
Dei neste to setta gjekk tråare, og Haugesund tok leiinga 2-1 i sett.
32. sesong som trenar
Mr. Volleyball, Ole Johan Sveen, har tatt fatt på sitt 32. år som trenar denne sesongen. Han spela aldri sjølv, men har opparbeida seg ein stor kjærleik til sporten.
– Spelet, taktikken og psykologien som utspelar seg i løpet av ein kamp, svarer han på spørsmål om kva som facsinerer med volleyball.
– Det er enormt mykje psykologi i kamp. Hamnar du under er det vanskeleg å henta seg inn igjen. Me forsøker å jobba mykje med det, men det er ikkje lett, seier han.
Heiderleg tap
Dette fekk publikum eit kroneksempel på i fjerde sett. Sveio heldt følgje fram til stillinga 10-10, men hamna bakpå med eit par poeng. Derifrå og ut rodde motstandarane sigeren i land og vann kampen 3-1.
Dette var Haugesund sitt førstelag. Dei har mange å ta av, og har lett for å henta spelarar frå andre klubbar og kommunar. På motstandarlaget førre tysdag var det blant anna to sveibuar.
– Det er volleyball-lekkasje i bygda?
– Ja, dei med ambisjonar hamnar i Haugesund eller Torvastad. Det er slik det er, seier Sveen.
Avhengige av juniorhjelp
Sveio sette seg ikkje så altfor hårete mål før sesongen.
– Målet var i det heile tatt å stilla lag. Det har me klart, men me er avhengige av hjelp frå juniorane, seier Sveen.
I år spelar dei i 2. divisjon, men grunna omlegging av systemet skal det dannast 3. divisjon frå neste år av. Då rykker halvparten av laga ned. Etter seks serierundar har dei vunne ein kamp til no.
– Skal me halda oss divisjonen må me nok vinna resten av kampane, meinar trenaren.
Mykje aktivitet
Tre gonger i veka trenar seniorane og juniorane saman. Då er dei stort sett mellom 12 og 14 spelarar.
Kapteinen på laget, 19 år gamle Ådne Christiansen, trivst med å spela på Sveio.
– Eg dreiv med fleire idrettar då eg var yngre. Då fotballen skulle toppast og vart for seriøs, vart det volleyballen eg fortsette med fast, seier han.
I tillegg til å spela på Sveio, speler han og på skulelaget til Karmsund vgs. Dei skal snart i gang med NM-kvalik for videregåande skular.
Christiansen spelar fire til fem gonger i veka på det meste, og har ein NM-bronse for skulelag å glimra med.
– Det er veldig bra. Det er høgt nivå på skulecupane på landsbasis, skyt Sveen inn.
Gror godt blant dei yngre
Sjølv har han ansvar for tre lag i Sveio, men det gror godt også hjå dei yngre. Både før og under kamp er det full sving på alle banene i hallen.
Med tilhald i Sveio vert det mykje reising og lite heimekampar. Kampane blir stort sett spelte i helgane, med to til tre kampar per helg.
– På både jente- og gutesida er det mykje aktivitet fordelt på 5-6 trenarar. Det kan verta slitasje, men foreldrene er stort sett flinke til å stilla opp når me for eksempel skal ut på bortetur, avsluttar Sveen.