nyhende
Ekstreme naturhendingar: Desse karttenestene bør alle kommunar kjenne
Å vera godt førebudd er avgjerande for kor godt ein kommune handterer flaum og skred. NVE viser til eit stort utval karttenester som alle kommunar bør kjenne til og lære seg å bruke.
– Naturfarevarsla er regionale, medan konsekvensane er lokale. Lokalkunnskap er difor viktig, og det er de i kommunen som kjenner området best, sa Elisabeth Rui, regionsjef i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), på eit webinar nyleg med over 300 kommunetilsette frå heile landet.
Webinaret tok for seg kva kommunane bør gjere både før og etter at dei har fått eit naturfarevarsel frå NVE, slik det også er skildra i kommuneguiden for flaum og skred. Ved naturfare, sender NVE ut flaum, jord- og sørpeskredvarsel frå gult til raudt nivå.
– Varsla seier at noko kan skje, men kommunen må vurdere kva det betyr lokalt, poengterte Rui.
Kor ille kan det bli?
Kommunane bør difor ha oversikt over kva som finst av meteorologiske og hydrologiske målestasjonar, kva som forårsakar store flaumar i bestemde elvar, til liks med tidlegare isgangar og isproppar. Også tidlegare skredhendingar, tekniske inngrep eller naturforhold som kan føre til forverring av flaum- og skredhendingar er av det som bør vera kartlagt.
Slike kritiske punkt kan i sin tur brukast i utarbeiding av ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som alle kommunar er lovpålagde å ha, og i ein plan for prioritering av skadereduserande tiltak og beredskap, sa Rui.
Ifølgje regiondirektøren syner både NVEs eigne erfaringar og evalueringar gjort av statsforvaltarar og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, at eit godt forarbeid er avgjerande for om kommunane har ei god handtering av naturfarehendingar.
– Det som har skjedd før, kan seie mykje om kva som kan skje igjen. Derfor bør kommunen vite om sårbare bygningar og infrastruktur, og tidlegare flaum- og skredhendingar. Det er likevel viktig å hugse på at flaum kan førekomme i alle elvar. Også der det ikkje har vore store utfordringar tidlegare, sa Rui.
Finn faresona
Om kommunen har flaum- eller skredutsette område, kan det ifølgje NVE også vere aktuelt å sette opp eigne målestasjonar og innhente eigne observasjonar for å bidra til betre lokal farevurdering. Kommunen kan også søkje om tilskot frå NVE til ulike kartleggings -og sikringstiltak.
Regobs.no er eit anna verktøy der alle kan registrere observasjonar av naturfarar. I tillegg finst det ein nasjonal skreddatabase , med informasjon om titusenvis av historiske skred. Det finst også kart over topografi og geologi, som ein kan nytte for å sjå kor mykje areal som ligg i bratt terreng, og mellom anna vurdere mengda av lausmasse i området, sa Rui.
Det eksisterer derimot ingen samla nasjonal database med informasjon om skadar frå flaum og skred i ein kommune. Noko informasjon finst hjå Norsk Naturskadepool, og under Naturhendelser på varsom.no finn ein informasjon om tidlegare alvorlege flaum- og skredhendingar og skadedata.
– På NVE Atlas kan kommunen finne informasjon om tidlegare skredhendingar, faresonekart og aktsemdkart. Aktsemdkart er landsdekkjande og viser område med auka potensial for skred eller flaum, men er mindre presise enn hendingskart og faresonekart, seier Rui til Nynorsk pressekontor.
Faresonekarta viser reell fare, og er kart ein bør øve seg på å kunne lese og tolke.
Ei fare blir fleire
Til liks med Rui, råda også Thor Robert Parmentier, som er gruppeleiar for jordskredvarslinga hjå NVE, alle kommunane til å abonnere på naturfarevarsla frå NVE via varsom.no.
Ved flaum- og jordskredfarevarsel på oransje og raudt nivå, og ved snøskredvarsel på dei to høgaste nivåa, sender NVE automatisk melding til kommunane i området. Ved oransje og raude varsel set kommunane så godt som alltid beredskap.
Om ein abonnerer direkte på naturfarevarsel for sin kommune, kan ein velje kva naturfarar ein vil abonnere på og kva farenivå ein vil ha varsel om.
Parmentier understreka også at ein bør følgje med på varselet på varsom.no og yr.no, uavhengig av farga på varselet, og at ein kan gå glipp av viktig informasjon om ein ikkje abonnerer på gule varsel. Vêrprognosar og hydrologiske prognosar kan vere usikre, og varselet kan bli oppgradert til eit høgare farenivå:
– Ei fare kjem heller ikkje alltid aleine. Når det blir sendt fleire varsel på ein gong, kan det auke alvorsgrada. Då er det viktig å sjå farane i kombinasjon, og ikkje berre forhalde seg til farevarselet med det høgaste nivået. Får ein fleire varsel på gult nivå, kan den samla faren ha høgare alvorsgrad enn det gult tilseier.
Sjå Noreg i sanntid
Parmentier demonstrerte også den omfattande karttenesta SeNorge , som er utarbeidd av Kartverket, NVE og MET. Tenesta viser sanntidsdata med alt frå regn, snødjupne, snøsmelting, vassmetning i jorda og grunnvasstilstand, til flaum- og tørkevurderingar og ulike temakart for å analysere hydrologiske forhold. Ein kan òg sjå historiske data og prognosar fram i tid.
Regiondirektør Rui minna samstundes kommunane om at ei hending sjeldan skjer slik ein har lagt planar for og øvd på:
– Stol på dykk sjølve og førebu dykk så godt som mogleg. Set beredskap i tide. Følg med på varsel og utvikling av ei hending. Set i verk beredskapstiltak. Og be eventuelt om bistand og hjelp frå NVE-beredskapsvakt eller via fylkesberedskapsrådet, der me frå NVE også sit.ß