nyhende

Skuletrivselen blant norske elevar har sokke det siste tiåret, viser ein ny rapport frå Oslomet. Forskarar peikar på fallande skulemotivasjon som årsak.

Stadig færre elevar trivst godt på skulen

Skuletrivselen fell. Forskarar peikar på fallande skulemotivasjon som årsak.

Publisert Sist oppdatert

Skuletrivselen blant norske elevar har sokke det siste tiåret, viser ein ny rapport frå Oslomet. Dette går på tvers av kjønn, alder og bakgrunn, ifølgje forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) Øyunn Syrstad Høydal.

Det var Utdanningsnytt som melde om saka først.

Sjølv om talet på elevar som mistrivst, har auka, svarer framleis over 80 prosent at dei trivst på skulen.

– Den store endringa kjem av at ein god del av dei som for ti år sidan svarte at dei trivst, no òg kjedar seg eller gruer seg til å gå på skulen, forklarer forskar ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA, Anders Bakken.

Det er fleire faktorar som påverkar elevars trivsel, som sosiale forhold og basisbehov som søvn og kosthald. Men forskarane peikar på fallande skulemotivasjon som den tydelegaste forklaringa på nedgangen. Færre elevar melder at dei er interesserte i å læra og at dei liker skulearbeidet.

Funna går på tvers av kommunar og landsdelar. Ein ser òg liknande trendar i fleire land.

Forskarane understrekar at årsakene er samansette, men Bakken trekkjer fram at samfunnet har gått gjennom raske endringar, samtidig som skulen i stor grad har vore prega av kontinuitet.

– Dette kan ha skapt eit misforhold mellom livsverdien til barn og unge og skulen som læringsarena, noko som kan ha gitt seg utslag i både lågare skulemotivasjon og lågare trivsel i skulen, seier han.

Powered by Labrador CMS