sport

Ole Johan Sveen er ein av eldsjelene i Sveio IL. Han har vore trenar i 31 år.
Ole Johan Sveen er ein av eldsjelene i Sveio IL. Han har vore trenar i 31 år.

– Skrikandes behov for meir treningstid

Volleyballtrenar er kritisk til dårleg kapasitet på Vigdartun, og meiner planane for nyskapande aktivitetsanlegg ikkje løyser noko: – Veldig lite idrettshall og meir ombygging av Vigdartun, seier Ole Johan Sveen.

Publisert Sist oppdatert

Skal ein volleyballspelar som ynskjer å verta god få trena nok, må spelaren ut av Sveio. Det fortel volleyball-trenar Ole Johan Sveen.

– Me trenar to gonger i veka og nokre gonger på søndagar. Nokre har valt å trena også i Haugesund for å få meir trening, seier han.

Pendla for å trena

Sjølv om han er stolt over miljøet i Sveio, synest han det er beklageleg at dei ikkje kan tilby spelarane nok.

– Me har eit par spelarar som har gått over til Haugesund, og dei trenar meir. Eg trur dei ligg på fire til fem økter i veka, seier Sveen.

– Så Haugesund har eit betre tilbod på trass av storleik og mange fleire å fordela halltid på?

– Ja, dei har faktisk det, men dei flyttar rundt på seg. Så ein får ei økt på Vardafjell, ei i Skåredalen og ei i sentrum til dømes. Så dei må jo vera fleksible, svarar han.

Ikkje imponert

Det har vore behov for meir halltid og plass i kommunen lenge, ifølgje Sveen. Han trur planen om nyskapande aktivitetsanlegg har noko av skulda.

– Det er eg veldig kritisk til. Det har forseinka prosessen i eit år no, seier han.

Prosjektet er meint å utbetra Vigdartun slik at mellom anna uorganisert idrett og aktivitet får plass. Under planleggingsarbeidet skriv arkitektfirma bak prosjektet at ungdomen saknar ein stad å henga og å få vera for seg sjølve. Sveen meiner ein må sjå kor behovet er størst og handla ut frå det.

– Det er for liten kapasitet, og me må få realisert planane om ein hall tilknytta den eksisterande, slik det ligg på teiknebrettet. Det er sett av pengar til det, men har bremsa opp grunna nyskapande aktivitetsanlegg, seier Sveen.

– Veldig lite idrettshall

Som medlem av avtroppande kommunestyre har han sett presentasjonen av nyskapande aktivitetsanlegg, og er ikkje imponert.

– Det viste seg å vera veldig lite idrettshall og meir ombygging av Vigdartun, seier han.

Sveen oppmodar politikarane om å verta einige om noko, for stillstanden bør ikkje halda fram.

– Me kan ikkje bruka lengre tid på dette. Behovet er der i dag, og me må få landa det og få det gjort. Dei har planar om nyskapande ombygging av Vigdartun. Dei har planar om idrettshall og om symjeanlegg. No må kommunestyret landa og få realisert noko, seier han.

Dårlegare stilt

Dei praktiske sidene av dårleg kapasitet er ugunstige treningstider, og at Sveio med sine to økter i veka stiller mindre trent til kamp enn motstandarane.

– Eg har spelarar frå 15 år som må trena frå 19.30 til 21.30 på kvelden. Dei bur ikkje ved sidan av hallen, dei bur i heile kommunen. Og dei me spelar mot trenar mykje meir, seier Sveen og understrekar:

– Det er eit skrikandes behov for meir treningstid, seier han.

– Kvifor kan de ikkje bruka andre gymsalar i kommunen?

– Eg har vore trenar i gymsalen på Lid i 15 år. For volleyball er den veldig lite eigna grunna kor liten den er, seier Sveen.

Sidelinjene til volleyballbana vert veggane. Det henger bom i frå taket som er i vegen, og taket er for lågt til volleyball, trekk han fram som nokre dømer. Likevel trena dei der i 15 år og fekk fram toppspelarar, understrekar han.

Powered by Labrador CMS