sport

Sjeldant tap på heimebane

Første oppsette heimekamp snødde vekk for fjorten dagar sidan og vart utsatt. Første teljande seriekamp enda i 1-3 bortetap mot Falkeid.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

Fotball 6 divisjon herre avd 4.

Sveio kunstgras 18.04 2024

Sveio – Kopervik 3 1-4(0-2)

(Mål 0-1 Mikal Hindal ( straffe 24. min) 0-2 Morten Bådsvik Kristiansen (29min)
1-2 Joachim Grasdal Larsen ( 49. min) 1-3 Mikal Hindal (76. min) 1-4 Roy Roaldsøy (95. min)

Gule kort Sveio: Anders Bjelland, Martin Sydnes, Erlend Katla og Stian Selsås Katla
Gule kort Kopervik: Thomas Thuong Le og Daniel Lønning

Dommar Åge Eide (Leirvik BK)

Tilskodartal: Ca 30

Torsdag var det duka for årets første heimekamp på Sveio kunstgras. Der hadde dei ikkje tapt på nesten tre år.

Sveio tok tak i kampen straks, og sette Kopervik under høgt press. Allereie etter eitt minutt vann Martin Sydnes ballen høgt på bana og spela Joachim Grasdal Larsen aleine med keeper. Avslutninga vart for svak og keeper fekk avverga.

Fleire sjansar

Etter snaue kvarteret kom Larsen nok ein gong til ein stor sjanse. Denne gongen heada han i tverrliggaren. Så fylgde to farlege frispark og nokre halvsjansar opp på sjansestatistikken.

Utan å knapt ha vore over midtstreken første halvtimen, varta bortelaget opp med to kjappe scoringar. Først på straffe. Så utnytta dei slurv i pasningsspelet til heimelaget. Då trengst det ofte berre ei pasning og ein kjapp ving for å hausta frukt.

Like før pause kom Sveio seg til ein gigantsjanse, men ballen ville ikkje i målet.

Då dommar Åge Eide signaliserte kviletid med luren sin, hadde Sveio vore det klart beste laget i første omgang, medan Kopervik scora på to av to sjansar. Ein treng som kjent berre ballen når han skal i mål.

Publikum hadde trua

Då Vestavind sjekka stemninga på tribuna i pausen, var det giv å spora.

– Dei skaper jo masse sjansar, så her er det håp, svara ein sesongkortinnehavar.

Håp skulle han få.

I det 49. minuttet fekk Sveio corner. Den serverte Sydnes på bakre stolpe der Joachim Grasdal Larsen kunne banka inn reduseringa.

Men det vart med håpet. Derfrå og ut var det lite sprut i maskineriet, og då bortelaget scora to til det siste kvarteret, var heimetapet spikra.

Skuffa etter kampen

Me spurde kveldens kaptein Anders Bjelland kva hans tankar var etter kampen.

– Eg er skuffa. Me er gode på trening og prøver å gjera det same i kamp. Men når me får det første målet imot, sluttar me å gjera det me har øvd på og tar forhasta avgjerder i staden for å halda ballen i laget.

Trenar Helge Røksund var fatta etter tapet.

– Me gjer mykje bra og skaper mange sjansar. Men me scorar jo ikkje mål, er hans analyse av kampen.

Det vert nye sjansar onsdag 24. april. Då tek Sveio turen til Bremnes for ny poeng- og scoringsjakt.

Powered by Labrador CMS