sport

Nestbeste lagskyting nokonsinne på Landskyttarstemnet

Haugalandet skaut godt i frå seg under Landskyttarstemnet på Voss. Av 50 lag i finalen enda dei på 19. plass. Skyttarstjerna Olve Birkeland var ein hårsbreidd unna å nå måla sine. – Små marginar avgjorde, seier far Arne Birkeland.

Publisert Sist oppdatert

Landskyttarstemnet (LS) 2023 er over og deltakarane frå Sveio har grunn til å smila. Som del av 50 konkurrerande lag enda dei høgt oppe.

– Haugesund og Sveio skyttarlag kom på 19. plass i lagskyting, seier sveibu og skyttar Arne Birkeland.

Det er den nestbeste plasseringa til skyttarlaget, etter 15. plassen i Førde i 2017.

– I fjor var me ikkje kvalifisert til finalen i lagskyting ein gong, seier Birkeland.

Hårsbreidd unna

Saman med kone og to søner var han på Voss, kor yngstemann Olve tok sikte på på verta best. Slik gjekk det dessverre ikkje.

– Me er nok litt skuffa på hans vegner. Han var tydeleg på at han hadde store ambisjonar, seier Birkeland.

Olve har tidlegare vore meister for dei som er 20 år eller yngre. Denne gong kom han på tredjeplass. Skilnad mellom siger og ikkje er veldig liten, forklarar faren.

– På fleire av skota var han så nære ein 10-ar som mogeleg, utan at det vart ein 10-ar. Hadde berre eit av desse skota vore 10-ar hadde han kome på Kongelaget. Det er mange skyttarar som kom så nære. Viss fjoråret var stang inn, så vart det stang ut i år, seier Birkeland.

Den tidlegare ungdomsmeisteren tok resultata på strak arm, og gjorde også ein veldig god innsats på lagskytinga. Då hadde han med seg storebror Brynjar som har vore borte frå skytinga lenge, men det var ikkje synleg på poengtavla.

– Eldstemann vart best i familien. Det synest me er kjempegledeleg, seier pappa Arne.

Brynjar enda på 343 poeng og Olve på 341.

Gode utsikter for skyttarsporten

– Korleis er det som far å ha to søner som skyt så bra?

– Fyrst og fremst er det gledeleg at begge to ville vera med på LS. Og så er det ein skrekkblanda fryd når ein har ungar med ambisjonar som Olve har. Som far skal ein både gleda seg over resultata og samstundes handtera det når det ikkje går så bra, svarar han.

Mogelegvis flottast av alt på LS var talet på deltakarar frå skyttarlaget deira.

– Me var 27 stykk. Det er mykje sosialt som er viktig, både for meg og gutane, seier han.

Den erfarne skyttaren teiknar eit bilete av ein skyttarsport i god stand, både innan konkurransar og rekruttering.

– Viss ein ser på resultata frå Voss er det eit stabilt nivå hjå seniorar, og det er betydeleg forbetring i klassane ein rekrutterer til. Det er naturleg eit par år etter covid, og viser at trening og utvikling har teke seg opp att, seier han.

Open for innovasjon

På spørsmål om det er noko skyttarmiljøet saknar på LS, så svarar han nei og med utdjupande ros.

– LS har ei god form med både breidde, men er også spissa for dei som vil verta gode. Det skal vera vanskeleg i dei beste tevlingane, seier han.

I hans auge har LS meistra balansen mellom å ta vare på det som fungerer og samstundes vera open for innovasjon. Av nyare greiner finn ein til dømes skogsløp med skyting eller kikkertklassen, kor ein kan skyta med kikkertsikte.

– Men sjølv held du fram med tradisjonelt sikte?

– Eg gjer det. Det held eg på til krampen tar meg, ler han.

Powered by Labrador CMS