sport

– Me er eit typisk Sveio-lag

Dei raude herrane enda på andreplass. Det er trenar Henrik Grasdal Larsen nøgd med, samstundes som han er uroa over skilnaden mellom kor bra dei spelar heime og på bortebane.

Publisert Sist oppdatert

Nokre veker tilbake kryssa Bømlo-laget Bremnes 2 fingrane for at dei skulle stele andreplassen frå Sveio. Etter dei siste kampane vart spelte fredag den 27. oktober, gjekk det motsett veg for Bremnes 2 som enda på fjerdeplass.

Ingen skadefryd

Sveio-trenar Henrik Grasdal Larsen har ikkje skadefryd, men stadfestar kva han spådde i forkant.

– Det vert nok med håpet, sa han før dei siste kampane.

No som sesongen er over står ein stolt trenar og eit nøgd lag att med andreplassen i sjette divisjon, fjerde avdeling. Larsen summerer sesongen for Vestavind.

– Det har gått litt opp og ned. Eg skulle ynskja me tok fleire poeng på bortebane. Det er litt keisamt når me slår alle heime, men på bortebane er me ikkje det same laget, seier trenaren.

Statistikken viser kva trenaren har snakka mykje om i løpet av sesongen. På heimebane er dei sterke, med åtte sigrar og ein uavgjort. Serievinnar Ølen 1 hadde åtte sigrar heime og eitt tap. Den avgjerande skilnaden kjem når dei forlet kjære Sveio. Då vann dei fire, tapte fire og spelte ein uavgjort.

– Hadde me klart å kara til oss fleire poeng på bortebane, hadde det vore ein litt meir spanande sesongavslutning, seier Larsen.

Borte heilt ok, heime best

På ni kampar på heimebane skåra dei 38 mål og slapp inn 15 mål. På ni kampar borte skåra dei 38 og slapp inn 34 mål.

– Det er 19 mål i forskjell mellom heime og bortebane, så det er tydeleg kor me må byrja å luka litt. Til å vera på andreplass så slepp me inn himla mange mål borte, seier han.

– Kvifor er det slik?

– Det har eg også spurt meg sjølv om ganske mange gangar. Kanskje det er dei galne heimesupportarane våre? Eg veit ikkje, det er eit svar me må få på plass til neste år, svarar Larsen.

– Oppmodar du Sveio-supportarar om å verta meir med på bortekamp?

– Me er såpass heldige at me har ein tre til fem mann som møter opp på bortekampar også. Dei stiller opp i all slags vêr, i kjeledress og med paraply, humrar trenaren og gjev litt smiger.

Målkalas og hattrick

Han ynskjer fleire supportarar velkomen, for om dei berre deltek på heimekampar kan dei risikera å gå glipp av nydelege augeblikk. Som målfesten mot Torvastad 2 i september kor dei vann 7-4 på bortebane, eller følgjande kamp mot Hemmingstad kor Martin Sydnes skåra hattrick.

Sistnemde har vore sesongen sin suverene målskårar med 25 mål. På andreplass finn ein Eirik Torkelsen Haugsgjerd med 15 mål og så Lars Rødseth med 8 mål.

– Kva er sesongen sitt beste augeblikk?

– Det må vera to ting. Heimesigeren mot serievinnar Ølen 1, kor me vann 6-1. Og så andre omgang i sesongen sin siste kamp mot Falkeid på fredag (27.10). Me skåra berre eitt mål i omgangen, men det var måten me spela på og kor gode me var, seier Larsen.

Sjølv om han har mykje ros for dei raude herrane, så skyr ikkje trenaren unna eit sjølvkritisk blikk mot eiga statistikk.

– Me er eit typisk Sveio-lag. Me har vunne nesten alt i løpet av hausten, men er ikkje så knallgode om våren, seier han.

Vil la dei yngre få prøva seg

– Kva er planen for neste sesong?

– Det er å dura på vidare og håpa på at me får inn fleire spelarar. Då vert me meir enn 13-14 mann på trening. Og så gror det godt under oss av dei yngre, så kanskje me får med fleire spelarar derifrå, seier Larsen.

Han fortel at dei gjerne vil gje plass til yngre spelarar. Då får dei raude fleire mann i stallen, og dei yngre får testa seg i ein høgare liga.

Tallbellen for 2023 6. divisjon avd. 4

Powered by Labrador CMS