Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
sport
Markerte seg under NM på Klepp
Harald Nappen frå Sveio gjorde ein sterk innsats under sitt første NM på Klepp. Her enda 15-åringen på ein 14. plass.
15-åringen køyrer for NMK Haugland og konkurrerte mot 23 andre førarar under årets NM på Klepp. Han fekk ein særdeles god start under tidkjøring fredagen. Sjølv om det oppsto problem med kjeda, enda det med 7. beste tid i Junior 125-klassen.
Laurdagen viste Harald at han kan køyra godt. Han køyrde seg opp i feltet på alle heatkøyringane. Diverre måtte alle tre heat brytast. Den første på grunn av at gassvaieren hengde seg opp, den andre er på grunn av hard påkøyrsel. Den siste er fordi gokarten ikkje var ferdig reparert etter påkøyrselen.
Klatra langt opp
Søndagen starta Harald på ein krevjande 23. plass, men under superheat køyrde han godt og kom inn som nummer 18. I den endelege finalen bretta han opp ermene og køyrde veldig godt. Her starta han som nummer 22 og enda til slutt på 14. plass.
No gler han seg til å fullføra dei siste løpa i Vestlandsmeisterskapet.
– Dette var mitt første NM, og det var ei veldig kjekk oppleving. Det var annleis med førarpresentasjon, og finalen varte i 20 minuttar. Vanlegvis køyrer eg samanhengande i 8-10 minutt. Laurdagen var tung. Spesielt etter å ha vore så langt oppe og blitt køyrt ut, og dermed måtte eg starta så langt bak. Men no har eg vist meg sjølv at eg kan køyra langt mot topp og gler meg til dei to siste løpa i år, seier 15-åringen.
Det var Martin Omdal ved Agder Motorsport som kom på førsteplass, og blei noregsmeister på Klepp.
Deltakarane frå NMK Haugaland
Frå klubben som deltok desse under NM på Klepp:
Mini (Norgescup):
- Liam Strand
- Peder Haraldsen
- Robin Panoyan Sveen
Junior 125 (NM):
- Harald Nappen
- Mika Tvedt
- Isak Vaaga
- Eirik Brakstad Hauge
- Adrian Gjerde
- Azuolas Bybartas
Rotax Max (NM):
- Bjørn Isak Thaule Hansen
- Idar Gjerdevik
X30 (NM):
- Ammro Kordo
KZ2 (NM):
- Nikolas Zahl
- Melinda Bjørstad Tvedt
- Vytautas Adomaitis