nyhende

Journalist Morten Vågset Møller har sin siste arbeidsdag i dag. Etter vel eit år i Vestavind set han kursen sørover.

Morten går ut Vestavind-døra for siste gong

Morten Vågset Møller kom som ein positiv vind frå aust og fann seg raskt til rette i Vestavind og Sveio. No set austavinden kursen sørover.

Publisert

Me har stadig fått tilbakemeldingar på at sveibuane set pris på både den han er og det han har levert som journalist. Det gjer me også.

– Kvar går vegen vidare og kvifor?

– Eg har fått jobb som journalist i Agderposten, og frå 1. mai flyttar eg inn på hytta i Arendal. Som alle andre blir eg også eldre, og det å koma nærare familie og vener blir viktigare jo eldre eg blir. Og for dei som har følgt med i avisa sidan eg kom inn i redaksjonen, så har de nok skjønt at eg korkje er frå Bua, Rød eller Tittelsnes.

– Har vore både hektisk og krevjande

– Korleis har det vore å jobba i Vestavind?

– Berre det at Ellen Marie og Susanne ønskte å satsa på meg då eg kom i februar 2025, set eg utruleg stor pris på. Jobben har vore både hektisk og krevjande for ein uerfaren journalist, men eg har alltid fått god støtte frå redaktøren, som har hjelpt meg med å setta puslespelbitane på plass når eg har slite med å finna eit hjørne å starta i. For meg har høgdepunktet vore møta med Ellen Marie og Susanne om morgonen, ei god historie eller ein artig kommentar har alltid sett tonen for dagen.

– Kva er det viktigaste du tar med deg frå det året du har vore her?

– Det er vanskeleg å setta ting opp mot kvarandre, men eg har lært utruleg mykje om ting eg ikkje hadde peiling på før eg kom hit. Det vil eg takka alle sveibuar som har stilt opp i saker eller sendt tips for. På mange måtar har kvar einaste sak vore ei læring for meg som journalist, anten det har handla om politikk, kultur eller noko heilt anna.

Pågripen før første kaffikopp

– Kva er det kjekkaste oppdraget og raraste oppdraget du har hatt?

– Det kjekkaste oppdraget må nok vera då eg dekte Sveiofestivalen. Å sjå så mange glade folk samla på ein stad gjer det umogleg å ikkje bli glad sjølv, sjølv om eg kanskje skulle ønska at eg var der som gjest.

– Det raraste er utan tvil å bli pågripen og stripsa av Heimevernet før eg i det heile teke fekk tatt dagens første kaffikopp. Det var litt skummelt der og då, men samstundes fekk eg sett Sveio på kartet.

– Dei eg vil takka mest

– For å omskriva eit hei, sveibu-spørsmål litt: kva kjem du til å sakna frå Sveio?

– Det eg vil sakna aller mest, er den tryggleiken eg har fått i denne jobben, både i form av å bli betre kjend med alle sveibuane eg har møtt, og ikkje minst kollegaene mine. Det blir rart å slutta, særleg sidan eg ikkje skal koka kaffi til Susanne lenger, og heller ikkje høyra «Morten, kom inn her litt» frå Ellen Marie, som kjem med ros, ris og råd. Dei to vil eg gjerne takka aller mest for tida eg har hatt i Vestavind.

Powered by Labrador CMS