sport
Mange ville vita meir om motorsportanlegg
– Eg er imponert over frammøtet og interessa, sa styreleiar John Magne Langåker i Fjord Motorpark etter informasjonsmøtet i Vigdartun måndag kveld. Møtet samla langt over 200 tilhøyrarar. Og spørsmåla frå salen var langt fleire enn arrangørane kunne svara på.
Langåker og resten av styret i Fjord Motorpark måtte gong på gong understreka at planlegginga av eit eventuelt motorsportsanlegg i Sveio er på eit svært tidleg stadium. Mykje av det folk ville vita meir om, vil først bli avklart etter at kommunen har gjennomført konsekvensanalyse og etter at revisjonen av kommuneplanen er fullført.
Ifølge Langåker skal kommunenplanen vera klar til presentasjon i mai neste år. Korkje ordførar André Mundal Haukås eller andre politikarar i salen protesterte på dette tidsperspektivet.
I innleiinga si sa Langåker at Fjord Motorpark har sett på fleire alternativ i Sveio, mellom anna Tjernagel og Fjon. Mellom anna på grunn av avstanden til nærliggjande busetnad meiner dei området ved Paddevegen omtrent er det einaste eigna.
Her har motorparken avtale om å få kjøpa 550 mål frå to grunneigarar. Det tilsvarar det arealet dei hadde planar om å byggja på i Karmøy. Dei er i dialog med to grunneigarar til, og Langåker legg ikkje skjul på at det vil vera ein fordel å få hand om eit endå større areal. Men dette er ikkje nødvendig for å realisera prosjektet, understreka styreleiaren.
Vestlandets største
Målet for Fjord Motorpark er å byggja Vestlandets største anlegg for motorsport, med mellom anna landsdelens første asfalterte racingbane. Målet er i første omgang å få inn så mange idrettsgreiner som mogleg. Dernest ønskjer selskapet også å inkludera tilbod om fritidsaktivitetar det kan bli plass til. Langåker meinte Sveio har ei endå meir sentral plassering i forhold til nabokommunar enn Karmøy, og håpa på eit endå breiare samarbeid over kommunegrensene.
Med utgangspunkt i det planlagde – og fullfinansierte – anlegget på Karmøy, presenterte styret kva eit anlegg ved Paddevegen kan koma til å innehalda. Dei la også vekt kva positive ringverknader dette kan få for lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar, auka etterspurnad etter ulike tenester og nyetableringar.
Plass for modellfly
Ikkje alt kan overførast frå Karmøy til Sveio. På Karmøy var for eksempel motorparken planlagt i tilknyting til flyplassen på Helganes. Det ville opna for luftsport med småfly, men hindra flyging med modellfly. Ein av dei som av den grunn meiner Sveio-alternativet representerer ein stor fordel, er Jone Birkelid. Han er ein av dei mest aktive medlemmene i Haugland Modellklubb. Han har rundt 20 modellfly i ulik storleik. Med seg til ei utstilling utanfor Vigdartun hadde han mellom anna ein stor Eurofighter-modell som vekte stor beundering då eigaren starta opp jetmotoren og taksa rundt på plassen asfalten.
– Eit fly som dette treng 400 meter flystripe for å ta av og landa, kunne Birkelid fortelja.
Trass i brølande jetmotorar i miniformat, er han ikkje redd for at modellflyging ved Paddevegen skal bli noko stort støyproblem for nabolaget.
Paris til Dakar
Ikkje berre modellfly, men også bilar i ulike variantar, motorsyklar og gokartar blei viste fram utanfor Vigdartun. John Kristian Espeland frå Karmøy Motocross klubb deltok med ein av tohjulingane sine.
– Denne er spesiell. Det er ein rallycross-sykkel som eg skal kjøra med frå Paris til Dakar i januar 2025, fortel Espeland.
Allereie i november skal han til Marokko med sykkelen for å trena. Om eit framtidig anlegg i Sveio seier han at det vil bety eit større miljø og fleire sjansar for trening for hans del.
Spørsmål om støy og natur
Mange av tilhøyrarane i salen var tydeleg nok folk som allereie driv med motorsport i ei ellar anna form og er positive til planane ved Paddevegen. Mange av sveibuane som møtte opp, var uroa og hadde spørsmål, først og fremst om støy. Til dei kunne Langåker fortelja at dei ganske snart skal gjennomføra støymålingar for å finna ut korleis anlegget skal utformast. Han minna også om at motorparken vil vera underlagt strenge støygrenser.
Det blei også stilt spørsmål om eventuelle konfliktar med turstiar i området som er blitt rusta opp dei siste åra gjennom omfattande innsats både i form dugnad og investeringar. Det blei også stilt spørsmål om innverknaden motorsportsanlegget kan få for dyre- og fuglelivet i området. Mange av desse spørsmåla blei adresserte vidare til kommunen og til høyringane som kjem om kommuneplanen.
Vil koma nye møter
– Sjølv om me ikkje kunne svara på alle spørsmål, trur eg det var rett å halda dette informasjonsmøtet nå, slik me også var oppfordra til, seier Langåker til Vestavind etter møtet.
Han legg til at det seinare vil koma nye møte der styret vil ha fleire detaljar, og også kart som blei etterspurd, å leggja fram.
– Me har også planar om å halda informasjonsmøte i fleire kommunar. Mellom anna på Stord veit eg at det er stor interesse for det anlegget me planlegg i Sveio, seier han.
Fjord Motorpark er eigd av eit stort tal klubbar med til saman rundt 5.000 medlemmer.