sport

Joachim Grasdal Larsen blei toppskårar med heile fire mål.
Joachim Grasdal Larsen blei toppskårar med heile fire mål.

Målfest i Sveio – Grasdal Larsen scora fire

Sveio stod med ein siger og to tap etter dei første tre kampane. 1. mai var det duka for ny poengjakt då Halsnøy tok turen til Sveio stadion.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

Fotball 6. div avd. 4

Sveio kunstgras 1. mai 2024

Sveio – Halsnøy 6-1 (1-1)

Mål:

  • 1-0 Erik Sydnes (5. min)
  • 1-1 Christian Fjelland Særsten (28. min)
  • 2-1 Joachim Grasdal Larsen (55. min)
  • 3-1 Daniel Rommetveit (59. min)
  • 6-1 Joachim Grasdal Larsen x 3 (82.,88., og 90. min)

Dommar: Åsmund Ohm Børretzen, Skjoldar IL

Tilskodartal: Ca. 100

Med over 100 tilskodarar, strålande sol og ulmande røyk frå grillen til Rune Thorsen, var det nesten litt Champions League-stemning over det heile.

Tidleg leiing

Allereie etter fem minutt fekk publikum noko å jubla for då heimelaget varta opp med Sydnes-fotball. Eit flott angrep blei avslutta med at ein uegoistisk Martin Sydnes spela fri bror sin Erik, som kunne trilla enkelt inn 1-0.

To minutt etterpå brann Martin Sydnes ein stor sjanse til å auka leiinga. Etter kvarteret spelt avslutta Emil Hinderlid Misje med ei flott kontring med skot i nettveggen.

Det var Sveio som kom til dei største sjansane i førsteomgang, utan å få den forløysande andreskåringa.

I staden fyrte ein Halsnøy-spelar av eit skot frå nesten midtbana etter halvtimen spelt. Den gjekk i mål, og det stod 1-1 til pause.

Overkøyring

I pausen var det stor pågang i popupkiosken til Rune Thorsen og Øyvind Halleland med pølser, is og brus på menyen. I andreomgang vart det nesten like stor pågang framføre Halsnøy-målet.

Like etter pause tvinga Martin Sydnes bortekeeperen til å varta opp med ei meisterleg redning før to skot gjekk i blokka. Men i det 55. minutt skulle det endeleg losna.

Stian Selsås Katla forserte nedover høgre sida og la eit prikkfritt innlegg på hovudet til Joachim Grasdal Larsen. 2-1.

Då timen var spelt fekk Sveio frispark på om lag 20 meter. Daniel Rommetveit gjorde seg klar, og skrudde flott inn 3-1-leiinga via stolpen.

Då uret runda 70 minutt kom heimelaget sin keeper Filip Ravn Turkerud i fokus. Han fekk eit tilbakespel, og med ei dårleg ballberøring, gav han Halsnøy ei enorm moglegheit til å redusera. Men han fekk kasta seg ned og redda avslutninga.

Minuttet etterpå fekk han eit nytt tilbakespel og måtte hanskast med høgt press frå bortelaget sin spiss. Det løyste han elegant med ei roleg finte på eigen målstrek. Låg keeperpuls, der altså.

Ketchupeffekt frå Larsen

Det var også det siste Halsnøy hadde å koma med av håp om å få med seg poeng heim frå Sveio.

I det 80. minutt storma Martin Sydnes nedover venstresida si og fekk fyrt av eit skot som gjekk i stolpen. På returen dukka dagens heitaste mann, Joachim Grasdal Larsen, opp og sette inn 4-1.

Fem minutt etterpå fullbyrda han hat tricket sitt etter ei mønsterkontring frå heimelaget. Larsen runda keeper og sette ballen i mål frå spiss vinkel. På overtid sette han inn sitt fjerde mål etter nok ei raus pasning frå Martin Sydnes.

– Heilt greitt. Eg har gode lagkameratar, svarar målgrossisten smilande om kva han synes om dagens utteljing.

– Endeleg sat han

Kaptein Erik Sydnes var nøgd etter sigeren.

– Det er tungt og varmt å spela i dag. Me var einige om å følgja planen, og det synes eg me stort sett gjer. Det viktigaste er at me vinn.

Også Trenar Larsen var av det muntre slaget etter kampen:

– Endeleg sat han! Spesielt andre omgang var gøy å sjå på. Håpar me tek dette med oss til måndag.

Då spelar dei den utsette førsterunden mot Skjold/Stegaberg2 heime.

Tabellen

Screenshot
Powered by Labrador CMS