sport

Klart for sesongstart

Etter ein lang vinter med terping går det endeleg mot sesongstart for Sveio sitt seniorlag. torsdag skal dei byta ut sveitte treningsdrakter med nystrøken Sveio-habitt med klubblogoen på.

Publisert Sist oppdatert

På sidelinja tar Henrik Larsen fatt på sitt sjette år med trenarfokus. I år deler han ansvaret med Helge Røksund, som gjer comeback i boblejakka.

Årets sesong startar dei med heimekamp mot Skjold/Stegaberg.

Ambisjonar

I fjor kom dei på  andreplass på tabellen i 6. divisjon avdeling 4, og lenge var det håp om opprykk. Det vart med håpet, men ambisjonane er ikkje lågare i år.

– Me skal vera med og kjempa i toppen av tabellen. Litt farleg å seia kontant at me skal rykka opp, og det viktigaste er utvikling og spela den fotballen me vil spela uansett kampbilete. Uavhengig om me ligg under 5-0 eller ledar ein kamp skal me behalda identiteten vår, svarar Larsen på spørsmål om ambisjonar for året.

I dei to treningskampane Sveio har spelt i vinter er båe vunne. Først 3-2 mot Fitjar sitt andrelag, så 4-1 mot Skjold/Stegaberg sine rekruttar. Sistnemnde skal Sveio også møta i første seriekamp og nevnes av fleire som ein av favorittane til opprykk denne sesongen.

– Spesielt andreomgangen mot Skjold/Stegaberg  er noko av det beste eg har sett av dette Sveio-laget. Då stemte alt av samhandling, og me køyrde over dei.

Tynn tropp

I oppkøyringa har det variert mellom 10 og 20 spelarar på trening. Stamma frå i fjor er stort sett den same, pluss at det har kome inn tre spennande 15-åringar som trenar med dei.

Helge Røksund, som har sitt første trenarverv i Sveio sidan 2009, likar det han har sett i vinter.

– Det er ein bra gjeng. Kvaliteten på dei som er her er god, men det er litt tynn tropp for ein heil sesong, seier han.

– Ligg du i buskane rundt om kring på Haugalandet og speidar etter nye spelarar?

– Nei, ikkje så gale. Men me har hatt dialog med nokre aktuelle, utan at det har kome inn nye førebels. Me reknar med å få inn nok folk i løpet av sesongen.

Minst 5. divisjon

Sjølv meiner Røksund det er naturleg at Sveio skal ha eit seniorlag høgare enn sjettedivisjon.

– Sveio skal ha eit seniorlag i minst femte divisjon, samt fleire aldersbestemte lag.

Han mimrar over då det var dårlegare fasilitetar, og undrar seg over logikken i fotballmiljøet.

– Då det vart spela på grusbanane rundt om her var det eit solid a-lag, gode juniorlag og full dekning på alle aldersbestemte lag. No må ein ned på Gut 14 for å finna det eldste rekruttlaget. Samstundes har treningsfastilitetane vorte betre. Når mindre kommunar enn Sveio klarar å stilla både fleire seniorlag og juniorlag, burde me klara det her også på sikt. Det er positivt at det har kome ny dagleg leiar (Lillian Rommetveit) på plass med fokus på å skapa eit godt idrettsmiljø, seier Røksund

Sterk heimestatistikk

Innad i spelargruppa er det eit stort ynskje om opprykk utan at det stressar Røksund.

– Sveio kjem til å rykka opp. Om det blir i år eller eit anna år er ikkje så viktig. Så lenge me trenar godt og på det same over tid, blir dette bra, avsluttar han før han tar over kjeglene og manar elevane til trening med stor iver.

– Presisjon. Tempo. Presisjon. Tempo.

Det kan nok ikkje gjentakast ofte nok.

Henrik Larsen er spent før sesongstart.

– Det skal bli godt å koma i gong. Me ser ut som eit lag. Alle veit kva dei skal gjera. Me har ikkje tapt på heimebane på snart tre år. På bortebane derimot kan me tapa mot kven som helst. Det håpar eg me får løyst i år.

Torsdag kveld får me svar på om heimestatistikken held fram. Kampen kan du få med deg på Sveio stadion.

Powered by Labrador CMS