sport

Sveio Menn 1Sveio Fotball
Erik Sydnes skåra to for Sveio, blant dei eit nydeleg frisparksmål.

I nærleiken av opprykk

Sveio herrelag gjekk sigrande ut av gårsdagens kamp mot Skjold 2, deira nærmaste motstandar om andreplassen. No er det berre fem kampar igjen, og neste er mot serieleiar Ølen. – Det byrjar å bli spanande, seier trenar Henrik Grasdal Larsen.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

6. divisjon avd. 4

Sveio – Skjold 2    4 – 3 (0 – 1)

Sveio stadion. Dommar: Åge Eide, Leirvik BK

Mål

0 – 1 (30. min)

0 – 2 (48. min)

1 – 2 (51. min, Erik Sydnes)

2 – 2 (74. min, Martin Sydnes)

3 – 2 (75. min, Thomas Stavland)

3 – 3 (80. min)

4 – 3 (89. min, Erik Sydnes)

Gult kort

Sveio: Petter Vikse.

Skjold 2: Morten Bådsvik, Sondre Hegerland Kristiansen, Ragnar Wiik Johansen, Even Lønning, Niklas Bådsvik Handeland, Ola Nonslid Eriksen, Christian Askeland.

Onsdag kveld vann dei raude 4-3 mot Skjold 2 på heimebane i Sveio. Trenar Henrik Grasdal Larsen er nøgd og stolt over gutane.

– Ingenting å utsette denne gong. Me jobbar hardt og spring sikkert 10 kilometer lengre enn motstandarane, seier trenaren.

Fort gjort med fleire kort

Sjølv om det var totalt sju mål skåra, var det først i andre omgang at målfesten byrja. Til pause hadde nemleg Skjold 2 leiinga med eitt mål (30. minutt). Skjold 2 sikra seg også eit gult kort i første omgang, men det vart ikkje deira siste.

Heile seks gule kort fekk Skjold 2 i andre omgang, mot Sveio sitt beskjedne eine. Alt i alt var det ein spanande kamp.

– Det gjekk bra til slutt. Eg har hjarteinfarkt kvar kamp, men dei ordna det, spøker trenaren.

I første del av kampen låg Sveio dårleg an, men løysinga var at dei rett og slett ikkje gav seg.

– Dei klarte å snu kampen og redda det. Og så var det eit veldig fint frisparksmål frå Erik Sydnes som redda oss, seier Larsen.

– Neste kamp er mot serieleiar Ølen, som ligg berre ein plass på tabellen over dykk.

– Ja, spelar me mot dei som me gjorde mot Skjold 2, så vinn me, seier Larsen.

Sterk moral

Det var nokre sjansar som gjekk tapt, men kva gjer det når laget ikkje veit korleis det skal slutta å kjempa.

– Eg vil trekka fram moralen i laget. Me stangar og stangar og ligg under med to mål, og så snur me stillinga til 3 – 2. Mange lag ville ha gjeve opp, men me held fram og held moralen opp, seier Larsen.

No ventar oppgjeret mot Ølen neste torsdag 7. september på bortebane.

– Neste kamp er storkamp, seier Larsen.

Skal Sveio rykka opp, må mykje gå riktig for dei raude, og mykje gå dårleg for serieleiar Ølen.

– Me får berre plukka dei poenga me får og ta det derifrå, seier Larsen.

Powered by Labrador CMS