sport
Hattrick to kampar på rad – framleis sjanse for opprykk
Skjebnekampen mot serieleiar Ølen forrige veke enda i tap. Onsdag kveld sigra Sveio mot Bremnes 2. No står berre tre kampar att, og framleis er det ein liten sjanse for opprykk for dei raude.
Dessverre vart det tap mot serieleiarane i torsdag 7. september, men trenar Henrik Grasdal Larsen seier Sveio gjekk av banen med hovudet høgt.
– Me gjorde ein god kamp der også. Som eg sa til spelarane, det er verdt å merka seg at me har sette oss så i respekt hos topplaget, at dei ligg defensivt heile kampen, seier han.
To hattrick på rad
Sveio heldt på ballen mest, men Ølen var for flinke til å kontra og snika til seg mål, forklarar trenaren. Forutan det gode spelet, var eit av lyspunkta at Anders Sausjord Bjelland har kome heim til Sveio frå fleire år i Bergen. Han markerte attkomsten med å scora hattrick for Sveio.
– Eit mål på heading, og to på straffe, skryt Larsen av spelaren.
Neste kamp mot Bremnes 2 vart spelt onsdag kveld denne veka. Då vart det siger, men Sveio-gutane er blitt vante med å scora hattrick, så denne kampen tok Martin Sydnes ansvar og scora tre. Kampen må ha vore spanande å sjå på, for det gjekk til tider hardt og kaotisk for seg ifølgje trenaren.
– Me styrte banespelet sånn sett. Dei har ballen til tider, men me lar dei ikkje halda på den. Dei er gode med ballen og køyrer lange ballar, men me gjer slik me har trent på og spelar ein god kamp, seier Larsen.
Straffbart å stilla spørsmål
– Det vart nokre gule kort?
– Det vart det. Me følte at dommaren ikkje var heilt på lag med oss. Me følte han tok ein del feile avgjersler, mellom anna eit straffespark som ingen på bana forsto. Sjølv motspelarane lo av avgjersla. Seinare spurte nokre av mine spelarar, på høfleg vis, om kvifor det var frispark. Det fekk dei gule kort for, seier trenaren og legg til:
– Eg også fekk eit
– Korleis skjedde det?
– Erik Sydnes kom gjennom forsvaret og vart regelrett skamtakla av keeperen deira. Eg synest det var ein forferdeleg takling midt i leggane med knottane først, men dommaren meinte det var på ballen og difor gode greier, seier Larsen.
Då Sveio-trenaren lufta tankane sine om avgjersla til dommaren, fekk også trenaren for dei raude eit gult kort. Og motstandarane fekk draghjelp av eit uhell då Sveio laga sjølvmål.
– Men det er ikkje noko å klandra nokon for, seier trenaren.
– Kva var kampen sitt mest minneverdige augeblikk?
– At me står på sjølv om me slepp inn mål, for me viser same moralen som me har gjort tidlegare. Me held fram med vårt spel og så ber frukter utover kampen. Det er lett å verta stressa av sjølvmål, og når dei scorar i det 90. minutt. Men me rir av den stormen, kontrar og scorar, seier Larsen.
Framleis ein sjanse
Sjansen for opprykk vart betrakteleg mindre då dei tapte for serieleiar Ølen. No står berre tre kampar att, alle mot lag som ligg i nedre del av tabellen. Men trenaren åtvarar mot å kvila.
– Faren er at me møter to av dei tre siste på bortebane. Der har me vore «bånn i bøtta», sjølv om me speler som i tippeligaen på heimebane, seier Larsen.
No har Sveio-gutane ein klar motivasjon. Om dei vinn dei tre siste kampane kan dei enda på andreplass. Då er det framleis ein liten sjanse for opprykk, men det avheng av korleis det går med lag i andre divisjonar, om dei rykker opp og ned, eller kan stilla lag i det heile tatt.
– Me må gjera vår jobb, så får dei andre gjera det dei kan, avsluttar trenaren.
Tabellen