sport
Har måtta avlysa mange arrangement
Tysdag opna krisepakken for kultur, idrett og frivilligheit for søknadar. Sveio IL har måtta avlysa mykje, og ser per no eit tap på opp mot 100.000 kroner. Det viktigaste er likevel å trygga medlemmene.
Allereie før Sveio kommune tok kontakt om innstrammingar i aktiviteten, hadde Sveio IL sett i verk tiltak. Då det stramma seg ytterlegare til, vart all aktivitet for dei 464 aktive medlemmene innan fotball, volleyball, handball og friidrett heilt avlyst og alle anlegg stengt. Avlysingane inkluderer også ulike arrangement, og lista er lang:
- Fotballskule
- Volleyballskule
- Friidrettsstevne
- Kiwi Cup (kan bli ny dato i august)
- Allidrett (for dei frå 3-6 år)
- NM i volleyball, der både J15 og G15 var kvalifiserte
- Regionmeisterskap U13 i volleyball
- Sandvolleyballturnering
- Baklukesal til inntekt for volleyballen
- Idrettens dag (der alle barnehagane skulle vore med)
- Årsmøte
- Lotteri
Litt aktivitet igjen
Til nokre dagar før påske, har det vore veldig stille på idrettsfronten. Medlemmene har prøvd å trena som best er på eiga hand. Då Noregs Idrettsforbund og Noregs Fotballforbund etter kvart kom med klare reglar for bruk av utandørs banar, byrja det å livna til litt.
På kunstgrasbanen er det stadig nokre som nyttar seg av at det er letta litt på restriksjonane. Koronavett-reglane møter alle som går inn på banen, og leiar for Sveio IL, Lillian Rommetveit, rosar medlemmene for å vera flinke til å halda dei.
– Det er mange som er glade for at det er opna for eigentrening i mindre grupper på inntil fire aktive og ein vaksen. Me er nedom banen kvar dag, og ser at dei som brukar den er flinke til å halda reglane, seier Rommetveit.
Mykje jobb likevel
Noko Vestavind ser med sjølvsyn denne fine, men forblåste vårdagen. Når det kjem ei ny gruppe, tilpassar både dei som kjem og dei som er der frå før avstanden mellom gruppene. Difor har det fram til no ikkje vore naudsynt å dela inn banen i soner slik dei har gjort ein del andre stader.
– For å hindra spreiing av smitte blant medlemmene våre, var me tidleg ute med å avlysa handball og volleyball sidan det der er mykje berøring av ball. Det har vore sjølvsagt å følgja dei råd og restriksjonar som er innført. Det er mange hensyn å ta, og mykje å gjera sjølv om aktiviteten ligg nede. Me jobbar heile tida med korleis det skal bli når den organiserte idretten får lov å starta opp igjen, seier Rommetveit.
Taper mellom 80.-100.000 kroner
All aktivitet i Sveio IL blir drive på frivillig basis. Her er det ingen leiarar eller trenarar som får lønn. Det hjelper litt på når viktige inntekter fell frå på grunn avlysingar.
– Den viktigaste inntekta vår er medlemskontigenten. Det har vore veldig kjekt å sjå at svært mange betalar den sjølv om me ikkje har aktivitet no, seier Rommetveit.
Dernest er det arrangement som turneringar, lotteri og baklukesal som gir viktige inntekter.
– Å seia nøyaktig kor mykje me har tapt og taper framover er vanskeleg. Ut frå anslag frå dei ulike avdelingane er det per no snakk om frå 80.000 til 100.000 kroner samla på alle avdelingane, seier Rommetveit.
Søkjer kompensasjon
Krisepakken for kultur, idrett og frivilligheit opna for søknader 14. april. Kompensjasjonsordninga for kultur vil utgjera ca. 300 millionar kroner, og for idrett og frivilligheit ca. 600 millioner kroner for mars og april. Søknadsfristen er allereie 21. april.
– Me gjekk raskt i gang med å sjå på kva som kvalifiserer til å ta med i ein søknad. Fristen er jo svært kort, men me har jobba sidan før påske med søknaden, seier Rommetveit.