nyhende

Vestland er det store hjortefylket i Noreg, og står jamleg for halvparten av felte hjortedyr kvart jaktår. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Færre hjort felt i Vestland – kan vere eit godt teikn

Også på landsbasis vart det felt færre hjort i jaktåret 2025–2026. Det kan tyde på at bestanden minkar, og er i såfall ei ønskt utvikling.

Publisert

– Det har vore ein liten nedgang i avskytinga, som kanskje kan tyde på bestandsnedgang, som har vore ønskt i fleire år. Fleire stader har bestanden vore for stor, seier Runar Myrvang, seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet, til Nynorsk pressekontor.

I alt blei det skote 50.150 hjortar i jaktåret 2025-2026. Det er om lag 4.000 færre enn førre jaktår.

Hjortebestanden har auka dei siste tiåra. I 1950 vart det felt færre enn 7.000 hjortevilt i heile Noreg, men sidan starten av 1990-talet er det årleg felt rundt 100.000 dyr. Spesifikt for hjort auka avskytinga frå under 10.000 dyr i 1990 til over 54.000 dyr i fjor.

I Vestland, som er det store hjortefylket, vart nesten halvparten av heile utbyttet frå hjortejakta felt. I jaktåret 2025–2026 vart det i felt 24.500 dyr i der, medan det året før vart skote 26.750. Saman med Rogaland og Møre og Romsdal står Vestland for det meste av nedgangen i hjortejakta det siste året. På Sør- og Austlandet er det også i jaktåret 2025–2026 ein liten vekst i hjorteavskytinga.

Blant kommunane toppar Sunnfjord fellingsstatistikken. I alt vart det skote 2.370 hjortar der i jaktåret 2025–2026. Kvinnherad kjem etter med 1.300 skotne dyr.

Hjortefylket

Det blei felt 2296 færre hjort i Vestland i jaktåret 2025–2026 samanlikna med året før. Nedgangen er størst for kalv, med 1565 færre felte dyr, fortel seniorkonsulent Finn Olav Myhren i Vestland fylkeskommune.

– Nedgangen er ikkje dramatisk sett i samanheng med at Vestland er eit stort hjortefylke, seier Myhren til Nynorsk pressekontor.

Vestland står vanlegvis for om lag halvparten av all hjortefelling i landet.

Fleire indikatorar tyder at hjortebestanden er på veg ned nokre stader. Mellom anna har talet viltpåkøyrslar gått ned dei siste åra.

– Om det no er ein bestandsnedgang, så kjem det av at det har vore eit ønske etter mange år med for stor bestand, seier Myhren.

Eit anna positivt trekk er at slaktevekta på kalv og ungdyr har auka etter fleire år med nedgang. Avskytinga har også endra seg. Det blir no felt meir kalv og ungdyr, og færre vaksne dyr.

– Dette har vore eit bevisst grep for å auke alderen i bestanden, seier Myhren.

Han meiner det likevel er for tidleg å stadfeste at bestanden faktisk går ned.

Held fram fri kalveskyting

Ein nedgang i hjortebestanden har vore ønskt av forvaltinga, og det er sett inn tiltak for å sørgje for dette. Ønsket kjem mellom anna av eit mål om å dempe skadepresset på jordbruksproduksjon og ein fallande bestandskondisjon over tid.

I 2020 starta det toårige forskingsprosjektet FriKalv, initiert av NINA. Dei tre kommunane Kvinnherad, Aurland og Kinn fekk dispensasjon til å prøve ut kvotefri jakt på hjortekalv. Resultata viste moderate effektar.

I åra etter har fleire kommunar søkt og fått innvilga kvotefri jakt på hjortekalvar. Frå 75 kommunar i jaktåret 2022/2023 til 95 kommunar i jaktåret 2025/2026. Myrvang ved Landbruksdirektoratet seier dei vidarefører ordninga om kvotefri jakt på hjortekalvar. Direktoratet tok over ansvar for ordninga frå Miljødirektoratet i fjor, og skal i løpet av 2026 gjere ei evaluering av ordninga.

– Vi vidarefører difor ordninga med kvotefri skyting på kalv. Det er ei ordning vi har lite konfliktar med. Så er det opp til kommunane å søke om det er ei ordning dei ønsker å vere med på. Vi har hatt auke i talet kommunar i ordninga kvart år sidan ho blei innført, seier Myrvang frå Landbruksdirektoratet.

Powered by Labrador CMS