sport
A-laget spelte kamp måndag kveld:
Første seriekamp enda uavgjort på Sveio stadion
Ei stund gjekk det vegen for Sveio, som nesten like til sist leda 2-0 mot Vard Haugesund 3. Bygutane fekk utlikna til 2-2 før fløyta gjekk for siste gong på Sveio stadion denne kvelden. – Det var ekstra surt sidan me var så mykje betre, seier trenar Henrik Larsen.
Det fine vêret og ein del publikum laga ei fin ramme rundt kampen som gjekk på Sveio stadion i kveld. Ballen blei sett i spel klokka 18.30 for dei kampklare spelarane i raude heimedraktar og grøne bortedraktar.
Det er rundt 650 dagar, eller eitt år og ni månadar sidan sist seriekamp. Sveio IL fekk debuten på heimebane, mot laget dei vann 6-1 mot i siste kampen før den lange korona-pausen. Grasbana har hatt eit enda lengre opphald, for ein observant tilskodar kunne fortelja at det var 10 år sidan sist seriekamp for A-laget blei spelt her.
To mål
Då spelet var i gong var det god aktivitet frå første stund, og Sveio-herrane hadde fleire sjansar, og grunna den solide sigeren 2019, var det nok håp om å gjera same prosess denne gongen.
I 32. minutt vart det jubla for første målet, sju minutt seinare var det 2-0 til Sveio. Begge måla var det nysignerte Erik Sydnes som putta inn – overgangspapira gjekk i orden to minutt før fristen gjekk ut i dag, like før kampstart.
Mangel på rutinar
Dessverre for Sveio IL fekk haugesundarane tatt revansj, og sette inn to ballar bak keeper Filip Turkerud.
Det blei ikkje utveksla så mange ord i garderoben etter kampen. Det var ei tom kjensle etter kamp for alle involverte.
– Det er litt typisk oss, seier trenar Henrik Larsen, og viser til mangel på rutinar.
Laget spelte god fotball, og det haldt i 80 minutt.
Mål av ingenting
– Me spring oss litt tomme, og så gjer me fleire juniorfeil, som me kallar det. Me slapp inn eit langt frisparkmål, deretter blir det mål ut av ingenting, etter ein lang pasning i bakhand. Dei scora mål, men hadde ingen sjansar, seier Larsen.
Siste omgang var prega av spelarbyte, skadar og diverse, derfor blei det litt oppstykka spel.
Totalt såg trenaren fleire sjansar for eige lag, som burde ha vunne.
– Det er to tapte poeng. Det kjennest som eit tap i dag, men me får stilla betre rusta til neste kamp, og gå for siger då, seier Larsen.
Neste veke er kampfri, men måndag om to veker er det bortekamp mot Moster.