sport

Sveio Menn 1Sveio FotballMartin Sydnes
Martin Sydnes skåra to mål for Sveio i sigeren mot Trott 2.

Første kamp etter sommaren vart siger

Sveio gjekk av banen med dobbelt så mange mål som motstandar Trott 2 etter onsdagens kamp. 4-2 vart stillinga for eit Sveio som berre stilte med 12 mann totalt.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

6. divisjon avd. 4

Trott 2 – Sveio 2-4 (2-2)

Trott stadion. Dommar: Per Jarle Haugland (Stord Fotball)

Mål

0 – 1 (4. min) Martin Sydnes

1 – 1 (30. min straffe) Espen Vaka

1 – 2 (42. min) Olav Urnes

2 – 2 (45. min) Leif Tore Føyen Aarland

2 – 3 (73. min) Erik Sydnes

2 – 4 (90. min) Martin Sydnes
Kort
Sveio, to gule (55. min og 66. min)
Trott 2, eit raudt og eit gult (34. min og 69. min)

Sveio ligg no på tredjeplass på tabellen med 13 kampar spelt. Trenar Henrik Grasdal Larsen er nøgd med gutane.

– Jo, det vart no siger, seier han.

– Det var berre 12 spelarar som stilte for Sveio?

– Med reservekeeper på benk var det dei same som starta som måtte spela heile kampen, men det gjekk no greit, humrar han.

Enda godt for Sveio

Larsen fortel at dei er på veg tilbake i form, og at dei fekk unnagjort ei god treningsveke i førre veke. Om sjølve kampen seier han at dei måtte handtera to straffespark mot seg.

– Ingen forsto kvifor første straffe vart blese av dommaren, på begge lag. Men dei hadde corner, så dei fekk straffespark. Vår keeper redda det andre straffespark som dei fekk, seier Larsen.

Dei raude skåra berre fire minutt etter kampstart (1-0), før Trott 2 utlikna med eit straffespark i 30. minutt (1-1). Rett før første omgang var over skåra Sveio igjen i 42. minutt (2-1), og Trott 2 utlikna sekund før dei tok pause (2-2).

Fleire kort

Andre omgang tok Sveio leiinga i både mål og gule kort. Sveio skåra to mål til i 73. og 90. minutt, og fekk to gule kort i løpet av omgangen.

Trott 2 fekk ingen mål og berre eit gult kort. Men i første omgang var saka ei annan, for då vart ein av spelarane til Trott 2 utvist grunna språkbruk mot ein sveiospelar etter ei hard takling.

Tabellen

Powered by Labrador CMS