sport
Fest for medaljevinnarane i VM
Tysdag ettermiddag er Sveio Drill og ein heil del andre inviterte til fest på kommunehuset.
– Sveio kommune er veldig stolt over den enorme bragda Sveio Drill gjorde i VM. Og alle andre flotte resultat dei har levert. Dei er gode sveioambassadørar. Eg heiar alltid på dei, og litt ekstra i dag, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Gull-, sølv- og bronsevinnarane er sjølvsagt heidersgjestene, men også foreldre, instruktørar og representant frå Norges Musikkorps Forbund skal feira VM-medaljane.