sport
Fekk plass på regionlaget i volleyball
Med treningar opptil fem-seks gongar i veka har dei nok av dedikasjon i seg. Det har lønna seg.
Saman med Sunniva Rossebø på 14 år, har 15-åringane Sebastian Nicoara og Ådne Hegerland Christiansen sikra seg kvar sin plass på Hordaland regionlag i volleyball for dei under 16.
Noregsmeisterskap
– Eg og Ådne har blitt valt til å vera med som to av 12 på regionlaget for gutar til Hordaland. Me blei inviterte til uttak, der me først var 20 stykk, så 18, 16, og så blei det mindre for kvar gong me møttest. Til slutt enda me opp med eit lag på 12 stykk, og me fekk to av dei plassane, fortel Nicoara.
– Eg blei veldig glad. Eg sat hos trenaren, Ole Johan, då eg fekk meldinga. Eg hadde venta lenge, ein veit ikkje når ein skal få beskjeden og så plutseleg så får du den. Det var kjekt å bli tatt inn på laget, seier Hegerland Christiansen.
Plassen på regionlaget førar til at dei får sjansen til å spela i Noregsmeisterskapet med dei nye lagkameratane sine i januar.
– Du får ein god følelse, og ein bekreftelse på at du er god og at du har gått det neste steget, og at du kan fortsetja slik. Eg blei kjempeglad. Eg og Ådne sende meldingar til kvarandre på «Snapchat» med ein gong me fikk vita det, ler Nicoara.
Gjer sitt beste
Gutane spelar vanlegvis på Sveio idrettslag sitt volleyballag for gutar «U17», medan Rossebø spelar på volleyballaget for jenter «U15». Ho er midtspelar, det same er Nicoara, medan Hegerland Christiansen er oppleggar.
Sjølv om dei no må reisa langt og trena enda hardare, tar gutane det relativt roleg.
– Det er berre til å gjera ditt beste, trena, og visa det du kan. Dersom du er god nok så kjem du vidare, det er så enkelt som det eigentleg, seier Nicoara.
Dette er første gong gutane har klart å kvalifisera seg til regionlaget.
– Eg var med på «bruttoen» sist, altså dei siste kvalifiserande rundane, men eg klarte det akkurat ikkje. Eg var vel ein av dei 14 siste, fortel Hegerland Christiansen.
– Eg hadde nyleg byrja med volleyball på den tida i fjor, så eg var ikkje med på noko slikt då, seier Nicoara.
Drøymer om landslaget
No som dei har klart å koma inn på regionlaget tør dei å sikta vidare mot drøymeskulen, og i framtida forhåpentligvis landslaget.
– Me vil koma inn på Toppvolley Norge. Det er ein ganske vanleg vidaregåande, men dei har eit fokus på volleyball, fortel Nicoara.
– Dei bur på internat, og så har dei morgentreningar og styrketreningar, alt ein treng eigentleg, seier Hegerland Christiansen.
TVN er ei volleyball-linje på Sauda vidaregåande skule si avdeling i Sand.
– Det største målet er å koma på landslaget, men for å koma dit så trur eg det er bra å starta på TVN, fordi ein må bli bedre for å få ein plass på landslaget og me vil få trent mykje på skulen, så det vil hjelpa mykje.
Det er ein travel kvardag for dei unge spelarane, fortel leiar av volleyballgruppa, Marthe Olesdatter Sveen Kallevik.
– Dei høyrer framleis til klubben vår, men her får dei visa fram kva dei kan nasjonalt. Dei har den siste samlinga med regionlaget no i desember og deltek på ei turnering i U19 for å få trent kampspel, og så reiser dei til NM for regionslag i Oslo under «Cupfinalhelga Senior» i januar.
Leiaren er stolt over spelarane sine.
– Me er veldig stolte av at dei har klart dette. Me veit at det ligg hardt arbeid bak det, for alle tre. Me har tru på at desse tre skal vera gode representantar for klubben vår i framtida, me støttar dei og legg til rette for dei så godt me kan, seier Olesdatter Sveen Kallevik.