sport
Ein mann scora fem mål
Heile Sveio-laget løfta seg og utklassa tabelleiar Ølen onsdag. Ein spelar var i særklasse. Eirik Torkelsen Haugsgjerd sto for fem mål då Sveio vann 6-1.
For eit år sidan spelte Sveio mot Ølen i sesongopninga 18. april. Resultatet vart ein katastrofe med heimesiger og 12-0 til Ølen.
Onsdag møttest laga for første gong denne sesongen. Ølen toppar tabellen, og det var viktig å vinna. Trenar Henrik Grasdal Larsen kalla det ein skjebnekamp for at målet om opprykk framleis skulle vera oppnåeleg.
— Det er mange kampar igjen, men det er stor forskjell på å vera 9 poeng bak og 3 poeng bak i denne delen av sesongen, seier ein veldig nøgd trenar etter kampen.
På nivå med Braut Haaland
For denne gongen var det Ølen som blei utklassa med 6-1 til heimelaget. Torkelsen Haugsgjerd opna med 1-0 etter 12 minuttar. Før pause følgde Lars Rødseth opp med 2-0.
10 minuttar ut i 2. omgang starta Torkelsen Haugsgjerd-showet for alvor. I løpet av 33 minuttar scora han ikkje mindre enn 4 mål.
I fjor scora Torkelsen Haugsgjerd eit mål på 10 kampar. I år har han scora 8 mål på 7 kampar. Med det ligg han på same scoringsnivå som Erling Braut Haaland i Manchester City.
— Får brukt kvalitetane sine
— Kva har skjedd?
— Han brakk handleddet, og sidan har det berre gått oppover, ler trenaren, og held fram:
— Han er flytta fram på topp, og der har han fått brukt kvalitetane sine på ein heilt annan måte. Held han fram på same vis som i denne kampen, vil han enda på 70 seriemål ved sesongslutt.
— 12-0-tap i fjor og 6-1-utklassing i år. Det er ikkje berre Torkelsen Haugsgjerd som er årsaka til det?
— Av dei som spelte kampen i fjor, er det berre tre spelarar igjen. Så laget i år er nytt. Me har jobba godt og kome langt på eit år. Ser me på enkeltspelarane, har me det beste laget i avdelinga. Me må berre få omsett det i samspelet på bana, seier Grasdal Larsen.
Spelte sitt spel
Han rosar heile laget for å løfta seg eit nivå i kampen mot Ølen. Og at enkeltspelarar som Erik Sydnes og Lars Rødseth sto fram og tok ein ekstra for laget.
— Me har ein tendens til å spela dritdårleg mot dårlege lag, og heva oss mot gode lag. Før kampen sa eg at no må me ikkje bry oss om korleis det andre laget spelar, men spela vårt spel. Me gjekk på bana med høg moral, og denne kampen viste at me er på veg mot det laget me kan bli, seier trenaren.
Har vunne alle heimekampane
Sveio har vunne alle sine heimekampar, og Grasdal Larsen legg ikkje skjul på at dei har ein liten fordel på heimebane.
— Me spelar på gras, medan ein del av dei andre laga spelar på kunstgras. Det utnytta me det me kunne i kampen mot Ølen.
Neste kamp er borte mot Bremnes 2 den 2. mai. Neste heimekamp er mot Torvastad 2 den 8. mai. Ølen er vant til opp mot fleire hundre på heimekampane sine. Onsdag kveld var det ca. 30 tilskodarar i Sveio. Grasdal Larsen har ei oppmoding til sveibuane:
— Kom på kamp og hei laget fram. Me lovar god underhalding og mange mål!
Tabellen