sport

Sina Elise Nerland, Miley Tøkje Åmodt og Amalie Alsaker Lokna og dei andre jentene øver med ballen.
Sina Elise Nerland, Miley Tøkje Åmodt og Amalie Alsaker Lokna og dei andre jentene øver med ballen.

– Eg er iskald!!

Dei er herleg openhjartige, dei yngste rekruttane i Sveio IL. Det er duskregn på grasbana, som dessutan er ganske nyklipt, og «grasete» denne dagen. Avklyppet klistrar seg til både ball og sko.

Publisert Sist oppdatert
– Eg har lyst til å bli bedre i fotball, og då kan eg vinna kamp, seier den nystarta fotballjenta Synne Farstad Opedal.

– 17… 18 mål!! kjem det frå ei av jentene i vantet.

Det blir sagt at mål ikkje skal teljast i så ung alder, men her har dei full kontroll.

Med det interne «oppgjeret» vel overstått, skal det øvast på ballkontroll.

– Må me detta? spør ei oppgitt jente frå Rophus, når trenar John Ivar Lokna instruerer korleis ballen skal førast.

– Eg er iskald!! seier ei frøken frå Tveita, og ho har nok heilt rett i det. Det var ikkje sommartemperatur denne torsdagen, men dei gir ikkje opp, og peisar på etter trenaren sine «ordrar» som blir gitt med stort tålmod og god oppfølging.

Dersom nokon andre gutar eller jenter frå kommunen har lyst til å prøva fotball, er det trening for 6-åringane om ettermiddagane torsdagar. Det er lag for begge kjønn, meir informasjon på Sveio IL sin nettstad.

Powered by Labrador CMS