sport
Dømte i snitt 2,5 kamp for dagen i skule-VM
Asle G. Halleraker er tilbake etter 10 dagar på reise. Sju av dei som dommar under skule-VM i volleyball i Beograd.
– Ei heilt makalaus oppleving, seier han om dagane i Serbia. Dommarane blir ikkje lønna, men får dekka reise, kost og losji.
– Skule-VM er eit fantastisk arrangement der lag frå alle kontinent møtes til idrettsleg kappestrid, kulturutveksling og venskap. Her har laga workshop etter kampane for å læra om kvarandre sin kultur, religion, menneskerettar og menneskeverd.
Første jentelag frå Saudi-Arabia
Ei heilt spesiell oppleving var å dømma Saudi-Arabia sitt jentelag.
– Det var historisk, for det er første gong at jentene har fått lov å delta. Eg snakka litt med dei etter kampen, og dei var stolte og heilt fascinerte over å få vera med på dette, fortel Halleraker.
Han dømte 18 kampar i løpet av sju kampdagar. Det blir 2,5 kamp for dagen. Bortsett frå Australia og New Zealand, var det lag frå heile verda. Den høgast rangerte kampen han dømte var kvartfinale mellom Uganda og Tyrkia for gutane (0-2).
Måtte utvisa fire spelarar
– Den kjekkaste kampen var mellom jentene til Tyskland og Italia (2.1), og den mest minnerike, med negativt forteikn, var gutekampen mellom Georgia og Libya (2-1), der fire av spelarane starta slagsmål med motstandardane sine fans på tribunen. Då måtte eg henta ut både raude og gule kort frå kortstokken, og slåsskampen enda med at eg måtte visa vekk fire spelarar frå hallen og inn i garderoben, fortel Halleraker, som gjennom sine 20 år som dommar berre vist eitt gult kort til ein spelar nokon gong.
Han var 1. dommar i seks kampar, 2. dommar i sju kampar og reserve i fem kampar. Reserve kan samanliknast med assistentdommar i fotball. Ein har mellom anna ansvar for alt det administrative for gjennomføring av kampen.
Dei norske jentene imponerte
Det norske laget stilte denne gongen berre med jentelag. Det deltok til saman 55 lag fordelt på gutar og jenter, og jentene spelte seg til kvartfinale. Det er ganske imponerande når mange av konkurrentane enten var juniorlandslag eller samanslått av fleire vidaregåande skular for å toppa laget.
– Jentene frå Topp Volley Norge (TVN) imponerte skikkeleg. Dei hadde knallhard konkurranse, og slo ut Italia i 8. delsfinalen. Det er sterkt å nå ein kvartfinale ein kjem frå ein liten skule i Sand i Ryfylke, seier Halleraker.
Vaflar og brunost
Ein av dei åtte dagane i Beograd var kulturdag og kampfri.
– Då var det mellom anna Nations Evening der alle laga mat som var typisk for deira land. Dei norske serverte vaflar med brunost, og var ein av dei mest besøkte standane. Hundrevis av vaflar gjekk unna, fortel han.
Tidleg opp kvar dag
– Korleis var ein kampdag for dommar Halleraker?
– Ikkje for utprega B- eller C-menneske i alle fall. Opp klokka 06.00. Frukost 06.20. På bussen til arenaen 06.50. Dei siste kampane starta 13.00, så me var ferdige med dommarjobben rundt klokka 15.00. Så var det som regel eit eller anna arrangement me skulle delta på, men det blei tid til litt sightseeing også, seier Halleraker.
Vestavind hadde ein prat med han før VM også: