sport

– Kampane startar for fullt tredje dagen. Kor mange kampar eg skal dømma er ikkje avklart enno, seier Asle G. Halleraker.
– Kampane startar for fullt tredje dagen. Kor mange kampar eg skal dømma er ikkje avklart enno, seier Asle G. Halleraker.

– Blir det største i mi dommarkarriere

Asle G. Halleraker er teke ut som dommar til VM i volleyball for vidaregåande skular i Serbia. – Det er stor stas, og eg er supermotivert, seier Halleraker.

Publisert Sist oppdatert

For mange sveibuar er Halleraker nok mest kjent som politikar, men han har drive med volleyball i mange år, både som trenar på toppnivå, juniorlandslagstrenar og dommar. Han er på høgaste dommarnivå i Noreg, og held også dommarkurs.

Når Vestavind ringer og gratulerer med uttak til VM, blir han for ein gongs skuld stille. Han har visst om uttaket i eit par veker, men før alt praktisk – som fri frå jobb i 10 dagar – var på plass, har han berre fortalt det til nokre få.

Skal yta på toppnivå

– Eg konkurrerte med svært dyktige dommarar om uttaket, og det er stor stas å bli tatt ut. Det er også veldig kjekt at eg var ønska som dommar av ToppVolley Norge, som er den vidaregåande skulen som skal representera Noreg i VM, seier Halleraker.

– Kva ventar deg i Beograd 19. april?

– Eg har vore i skule-VM to gongar før. Den eine i Slovakia som frilansjournalist for Firda, og den andre då eg reiste med det norske laget til Portugal. No får eg sett VM frå innsida som dommar, og eg gler meg veldig. Første og siste dagen er reisedager. Andre dagen er det opningsseremoni, og kampane startar for fullt tredje dagen. Kor mange kampar eg skal dømma er ikkje avklart enno, men eg er supermotivert og skal yta på toppnivå, seier Halleraker, som ladar opp til VM med å dømma 3-4 kampar i helgene.

Fem språk

Med dommarar og spelarar frå heile verda, foregår mykje av kommunikasjonen på engelsk. Språkmektige Halleraker snakkar brukbart og gjer seg forstått på engelsk, tysk, spansk og italiensk, og det kan også ha vore ein del av vurderinga ved VM-uttaket.

– Eg budde to år Italia og selde fisk, så italiensk er blitt som mitt andre morsmål, fortel han.

ISF school world championship volleyball, som skule-VM offisielt heiter, har blitt arrangert sidan 1972. Første VM var i Israel. Det er også mykje meir enn ein idrettskonkurranse.

– Like viktig som kampane er at spelarar frå heile verda blir kjent med kvarandre, opplever kulturar og andre måtar å tenka og gjera ting på. Det er ein utdanningsdimensjon i det som skaper forståing for andre. Noko me verkeleg treng i desse urolege tider, seier Halleraker.

Det største i karriera

Sidan han starta som dommar seint, var han for gamal til å bli satsa på som internasjonal dommar. Der er aldersgrensa 40 år.

– Så VM i Beograd blir nok det største eg kjem til å oppleva i dommarkarriera mi. Det er også ei aldersgrense for dommarar på toppnivå i Noreg på 55 år. Det passerte eg i fjor, men eg dømmer framleis på høgt nivå, fortel Halleraker.

Han kombinerte i starten på trenarkarriera utdanning og trenerjobbar på toppnivå. Han har mellom anna trent Volda, BSI Bergen, Tambarskjelvar, Volda og Austrått, og sist KFUM Stavanger.

– 8-10 treningar i veka let seg ikkje kominera med familieliv. Så då eg blei pappa for første gong i 2006, slutta eg som trenar. Men eg hadde ikkje lyst til å mista kontakten med idretten. Å vera dommar er lettare å finna tid til. Då er det dømming i helgene, og du kan også styra meir kva helger du vil dømma.

Ringen er slutta

Trenergjerninga starta i Sveio IL på 90-talet, og ringen er no slutta.

– Då yngstejenta ville skifta frå fotball i Vard til volleyball, blei eg i fjor haust trenar for Jenter 17 saman med Daniel Vihovde Strand. Det fungerer veldig bra, sjølv om eg har kjent litt på at eg er litt rusten etter 17-18 års pause. Ekstra kjekt er det at det har blitt ei oppblomstring rundt laget, og det er no 16-17 jenter med, seier Halleraker.

Powered by Labrador CMS