sport

Ingrid Kindlihagen i aksjon under ein tidlegare verdscupkonkurranse i Salt Lake City.
Ingrid Kindlihagen i aksjon under ein tidlegare verdscupkonkurranse i Salt Lake City.

Beste norske under klatre-EM

Ingrid Kindlihagen sto for dei beste norske prestasjonane under klatre-EM i Villars i Sveits sist veke.

Publisert Sist oppdatert

Ingrid kvalifiserte seg til ein sterk finaleplass i kombinert buldring og led (tau) der ho fekk 8 plass. Dette er første gong på ganske mange år at Noreg har ein seniorutøvar kvalifisert for finale i eit internasjonalt mesterskap. I buldring blei det semifinale og 16. plass, skriv Anders Kindlihagen i ei pressemelding.

Imponert

Innsatsen har imponert klatrenestor Geir Arne Bore:

– Dette er ein av dei beste norske prestasjonane i eit seniormeisterskap i regulær klatring. I forbifarten kjem eg på: Hannah Midtbø har ein tredjeplass i EM i buldring, Magnus Midtbø har ein 5. og 6. plass i EM-finalar og 8. plass i VM. Tina Johnsen Hafsaas har ein 6. plass i EM, skriv han på bloggen sin.

Håper på OL

Litt seinare i haust avsluttar Ingrid sesongen med verdscup i buldring i Praha og nordisk meisterskap og NM i led.

– Ingrid håper at stigande prestasjonar, og den raskt aukande interessa og merksemda rundt klatring som olympisk idrett, skal bidra til at ho får på plass ei økonomisk ramme som gjer at ho kan satsa enda meir og konkurrera på tilnærma like vilkår som dei store klatrenasjonane, seier Anders Kindlihagen.

Powered by Labrador CMS