nyhende
Ynskjer utlån av salsbuer
Lokale produsentar av mat og liknande saknar tilrettelegging for å selja produkta sine. Måndag avgjer kommunestyret om Sveio skal bruka 260.000 kroner på fire utlånbare salsbuer.
Det finst mange sveibuar som produserer mat, drikke eller anna som dei ynskjer å selja lokalt. Men, då må dei stilla med eigen konteinar eller salsbu sjølv.
Det vurderer Sveio kommune å gjera noko med. I desember i fjor ba kommunestyret rådmannen sjekka mogelegheitene for å skaffa salsbuer tilgjengeleg for utlån.
I vedtaket heiter det:
— Å tilby enkle salsbuer på ein møteplass vil gjera det mykje lettare både for dei som sel og dei om ynskjer å kjøpa.
Planen er å ha base ved Sveio torg, og sørga for at buene er av ein kvalitet som tåler både vêr og å verta flytta på.
Måndag 30. mai røysta formannskapet for rådmannen sitt føreslag, som mellom anna seier følgjande:
- Det skal skaffast fire salsbuer.
- Dei kan lånast ut til frivillige lag, organisasjonar og andre etter førespurnad.
Lars Einar Hollund (H) uttrykte då at det kan bidra til å skapa liv på Sveio torg. Prisen er sett til 260.000 kroner for fire buer.