nyhende

Elisabeth Nilsen Staupe vert koordinator for Frivilligsentralen i Sveio.FOTO: PRIVAT
Elisabeth Nilsen Staupe vert koordinator for Frivilligsentralen i Sveio.

— Ynskjer å vere ein møteplass for ungdommar i Sveio

Kirkens Bymisjon i Sveio har tilsett ein ny person for å auke kapasiteten. Elisabeth Nilsen Staupe vert del av den nye satsinga på fritidstilbod for born og unge hos Frivilligsentralen. — Det blir kjekt å jobbe med ungdommar, seier Staupe.

Publisert Sist oppdatert

Bakgrunnen for tilsetjinga er ein ambisjon om å starte ein møteplass for born og unge. Det er ikkje sikkert når den er klar, men seinast i starten av 2023 ifølgje dagleg leiar Guro Røher Eriksen.

— Vi ynskjer å ha meir opent etter skuletid og på ettermiddagane, seier ho.

Ho ynskjer den nytilsette velkomen og seier ho gler seg til dei kjem i gang.

«Ung & Inkludering»

Staupe sin tittel vert koordinator på Ung & Inkludering. Ho får ansvar for drifta av Skattkammeret, som er eit populært tilbod der ein kan gratis låne utstyr til fritidsaktivitetar.

Guro Røher Eriksen er dagleg leiar i Sveio frivilligsentral.

Ho skal også koordinere arbeidet som Kirkens Bymisjon gjer mot barn og unge. Det inneber å styre ferieaktivitetar og helde arrangement for born og unge, til dømes Halloween-feiring.

— Ho får mykje sjølvstyre rundt kva ho skal gjere i stillinga, seier Eriksen.

Staupe sin første dag er fredag den 23. september, og stillingsprosenten vil auke frå 20 til 80 prosent innan januar 2023.

14 søkarar

Det var 14 søkarar til stillinga, og Eriksen er fornøgd med val av tilsette.

— Ho har erfaring frå barnehage og har sjølv ungdommar. Ho er ein veldig roleg person, som er flink til å snakke med born. Ein veldig positiv og sprudlande person som har fylgt arbeidet vårt lenge, og som brenn for det, seier Eriksen.

— Eg vart kjempeglad når eg fekk tilbod stillinga, seier Staupe.

— Kvifor søkte du på stillinga?

— Fordi eg synast at det dei gjer er så utruleg fint. Eg har fylgt med over lengre tid og kan sjå at dei gjer ein forskjell. Slagordet til Kirkens Bymisjon er «rom for alle», og eg meiner at det seier mykje, seier ho.

Powered by Labrador CMS