nyhende
WWF: – Vent med plenklipparen
Verdsnaturfondet (WWF) oppmodar norske hageeigarar til å gjere ein innsats for utryddingstruande insekt. Villbiene og sommarfuglane står no på raudlista.
– Om du lèt riva liggje og ventar med plenklipparen til løvetanna er ferdig blomstra, har du gjort ein stor innsats.
Det seier Sverre Lundemo, biolog og seniorrådgivar for naturmangfald i WWF Verdsnaturfondet.
Statsforvaltaren peikar ifølgje WWF på at blomsterrike hagar og parkar kan vere bra for pollinerande insekt. Ikkje minst fordi meir intensivt jordbruk påverkar insekta negativt. I Noreg står 30 prosent av villbiene og 22 prosent av sommarfuglane i fare for å døy ut.
– Alle med ein hageflekk, til og med balkong, kan bidra til å hjelpe dei livsviktige pollinatorane våre, seier Lundemo. Han oppmodar i tillegg til å gi ugras litt plass i hagen.